Det var det rennande mascara, tårer og hulk eg reagerte på å kome opp i 3KJ. Dette faget har eg slete med i heile år og i fjor pga at eg vart hengande etter då eg var angrepe av virus. Eg klarte vel aldri å ta meg heilt inn igjen, så dette er vel det verste som kunne skje meg. Det var TO elevar som kom opp i 3KJ, og eg var ein av dei. Dritt!! Sidan eg ikkje kan så veldig mykje, burde eg jo lese. Slik går det med lesinga:
Eg kjenner meg så... tom...
Eg tar opp pennen, les på ei oppgåve, les på den same staden i 15 sekund, det rykker i smilemusklane, eg smiler, eg oppdagar at eg smiler, eg sluttar å smile og les vidare på oppgåva. Repeat.
9 kommentarer:
hehe, du klarer dette astrid!!! ha troen på det! kjekt å lese bloggen din foresten!
hehe, been there, done that.
Kan berre sei lykke til, og bit tenna sammen.
Åå, kjære vene, eg syns virkelig synd på deg. Også kjemi då!
Men stå på, og husk at det fins viktigere ting i livet enn skole:)
Masse lykke til!!
Eksamenslesning er oppskrytt. Sånn at det er sagt.
Stå på. I mellomtida kan kanskje dette vere til oppmuntring: Fjellhaug Mannskor synger.
Dette går bra. Du er flink, og vert det for vanskeleg å konsentrere seg på rommet, så er det berre å joine oss på lesesalen. Biologi og kjemi går jo bra ilag:)
Og dessutan, om fem år er det gløymd uansett:)
godt du ha den fine arbeidsboka me kjøpte i bergen i alle fall=) uten den hadde denne perioden utvilsomt vore endå verre! bra du har kamera på mac`en også=) Lykke til!!
Eg fekk 2 på 3KJ-eksamen i si tid, dersom det kan vere til trøyst.
Stine, eg takkar for forslaget ditt! Kanskje eg plutseleg dukkar opp på lesesalen? Det vert i så fall eit gledeleg gjensyn :)
Om fem år er det gløymt :) Takk:)
Legg inn en kommentar