søndag 12. november 2006

Sliten

Ja, kva skjer på Sygna? Jo, i helga hadde Magnus besøk frå Tryggheim, noko som var veldig kjekt. Tryggheim fostrar opp bra folk som er like glad i misjonssambandet og sangboka som eg er. Godt godt. På fredag reiste ein gjeng frå Sygna til ein bitteliten plass utanfor Førde der vi sang på ein basar. Det var koseleg. Eg likar basar. Eg vann til og med ein daim!
Laudag ommøblerte eg rommet, noko som tok lang tid og var veldig vanskeleg. Eg var stolt då eg fekk det til. Seinare på kvelden var det beat for beat, noko som var grådig kjekt. Etterpå sat vi ein gjeng og prata til det var stengetid, og etterpå sat eg og Hege på rommet mitt og åt sjokolade og spelte Super Mario til kl halv to. I dag måtte eg tidleg opp, var i kyrkja, sov litt til, åt middag, spelte kort, og no sit eg på lesesalen og skal gjere fysikk, noko som eg er VELDIG motivert til. Eventuelt ikkje... *skrik* Eg er så lei! Kvifor har eg SJU månadar på skulen igjen? Ja, eg veit det er fordi det er november. Eg har skule oppover øyrene.

Eg er sliten, eg er kjempesliten. Eg er lei av skulen, eg er lei av regn, eg er lei av mat, eg er lei av å vaske kle, eg er lei av å alltid ha noko eg må gjere, eg er lei av å ligge kjempelagt etter når det gjeld skulen, eg er lei av at det er lenge til sommarferie, eg er lei av at eg er lei.

Ja, i dag er det ein sånn dag då alt er negativt. Eller, koret sang veldig fint i kyrkja i dag, så det var jo bra, men utanom det er det meste i grunn negativt. I morgon er det fysikkprøve, på tirsdag er det historieprøve, men på onsdag er det langhelg. Det blir godt sjølv om eg berre skal gjere lekse. Har ein GOD del å ta igjen, ja.

Klage klage klage. Ja, det er så synd i meg og bla bla bla.

Men det er snart jul :)





Hege klarte å knuse vasken. Det var artig :D

1 kommentar:

Solveig sa...

korleis greidde ho å knuse vasken?? KONGE foressten. hihi.
og, kva tenkjer du neste år?

No har eg nett vore ved sognsvann. Tente bål, åt bollar og drakk kaffe. Og såg på den uendelege stjernehimmelen.

Ha ei fin uke!