lørdag 10. mars 2012

6 år sidan

Det som er så kjekt med å ha blogg er at eg kan gå tilbake i arkivet og lese kva eg gjorde på i mars for seks år sidan. SEKS år sidan! Det er nesten 1/4 av livet mitt. I dag tok eg ein arkivdag og las kva eg gjorde på i mars 2006. Eg kan vel oppsummere det heile med at eg er stort sett den same som eg var då. Den gongen klagde eg over at eg ikkje likar gruppearbeid, lettsalta torsk, våte sokkar eller å vere svolten. Det stemmer på ein prikk i dag òg. I tillegg skulle eg ha godtefri fram til sommaren i 2006, noko som eg skal ha i år òg. Frå mandag av er det null sjokolade fram til Bali. Pengane eg sparar på dette skal sparast opp til surfetimar, sykkelturar, matlagingskurs og taxiturar på den fantastiske øya eg skal bli betre kjent med i sommar.

Men det skal jo seiast at noko er annleis enn i 2006, då eg var 17 år. Eg er til dømes snart ferdig utdanna fysioterapeut. I 2006 var eg ikkje ein gong gamal nok til å søke på samordna opptak. Som ein kuriositet skal eg legge ved søknaden eg la inn i samordna opptak i 2007:

DINE STUDIEØNSKER FOR 2007-OPPTAKET I PRIORITERT REKKEFØLGE

PRI KODE STED STUDIUM
--- ------ ---- ---------------------
1. 193772 NVH Veterinærstudiet
2. 194759 NTNU Bygg- og miljøteknikk
3. 184742 UiB Odontologi
4. 185862 UiO Matematikk og økonomi

Eg måtte le høgt då eg såg dette. BYGG- OG MILJØTEKNIKK? Kva i all verda var det eg tenkte på. Eg er den personen eg kjenner som er minst praktisk anlagt. Det hadde nok blitt katastrofe.

I 2006 var eg travel, som i dag, og eg likte nynorsk, som i dag. I går tok eg forresten litt affære med restultatet av å vere travel (halvlåst nakke og rygg). Eg gjekk rett og slett over to the dark side - til kiropraktor. Tenkte det kunne vere interessant å sjå korleis ein kiropraktor jobbar. Og det var det. Knekk, knekk sa det. Om det er nok i seg sjølv er eg usikker på, men den debatten kan vi ta ein annan gong.

I går var eg ferdig i praksis. 10 veker forsvunne som ein fjert i vinden. Takk og lov for praksis! Føler meg mykje betre førebudd på alt som vil møte meg seinare i år og seinare i arbeidslivet. Haukeland altså, det er ein fin stad å vere.

Vi feira siste dagen med å gå med legefrakk. Rebellane:

 

4 kommentarer:

Ellen sa...

Bygg og miljøteknikk :) Du trenger ikke være praktisk anlagt akkurat, fordi du kan velge en veldig teoretisk og teknisk tilnærming :) Men når man hører om fagene de har (stål 1, stål 2 osv) så høres det lite inspirerende ut.

Astrid sa...

Takk for informasjonen, Ellen! Først vart eg litt usikker på om eg likevel hadde velt feil utdanning, men då eg høyrte om stål 1 og stål 2 kunne eg pusta letta ut. Trur ikkje det hadde vore noko for meg. Men skulle hatt eit år eller to på NTNU. Har høyrt så mykje bra om det!

Ellen sa...

NTNU er bra. Men merker jeg ikke klarer å skryte så mye akkurat nå siden jeg sitter på skolen i snitt 14 timer om dagen for tida (HVEM skulle trodd det om meg...?)

Astrid sa...

Du skal ha for tålmodet! Du kan jo derievere ein tarmtott innimellom :)