tirsdag 6. mars 2012

Min kveld

Eg trudde først at eg ikkje hadde noko særleg interessant å dele her på bloggen, men det har eg jo! Førre helg var eg i (på?) Hamar for eit meget spesielt jobboppdrag. Lunchrommet og arbeidsplassen var lokalisert i eit av dei få husa i Hamar med utsikt, og såg slik ut:


Ikkje feil! Her er eit bilete av det eg gjorde:
 

Og det eg gjorde var rett og slett å lese inn tekstar som skal spelast av som ein del av utstillinga på Nordsjøfartmuseet på Sotra. Med andre ord: Dersom du tar deg ein tur på museet og trykkar på ein av knappane i utstilingane er sjansen stor for at det er eg som forteller deg ei historie frå kva som skjedde i Telavåg i 2. verdskrig. Sterke historiar!

Som de ser under var det ikkje alle orda som var like lette å uttale, og det gjekk litt over stokk og stein av og til, men vi kom i mål til slutt. Her skulle eg lese inn følgjande overskrift: Open båt-åfjordseksæringen. Trengte nokre forsøk på å klare det, ja. 
  
 
Tilbake til overskriftane: Tirsdagskveldane har blitt min kveld. Det er ain av dei dagane i veka eg ikkje treng å forlate leiligheta for å rekke noko. Eg har god tid til å lage middag, ikkje minst sove middag, gå på spinning, lage ostesmørbrød til kvelds og sjå på fjernsyn.
 
Eg er snart i innspurten av eit skuleår som er og har vore fylt med fulle dagar og ting som stadig har hengt over meg: Innleveringar, eksamenar, sytremøter, og ikkje minst uhorveleg mykje reising. Då er det godt å ha ein slik kveld i veka der eg berre kan slappe av. Og vaske klede. Det må til det òg.
 
Fredag er siste dag av mine 10 veker på Haukeland. Det blir litt rart å kome tilbake på skulebenken, men samstundes er eg over snittet gira på å kome i gang med bacheloroppgåva. Eg har heldigivs klart å finne noko å skrive om som eg veit eg kjem til å få bruk for. Blir rett og slett gira når eg snakkar om det til andre, så håpar det er eit godt teikn. For dei som lurar skal eg skrive om subklassifisering av bevegelsesmønster hjå pasientar med langvarige ryggsmerter. Forstå det den som kan.

Men no skal eg gå tilbake til kvelden min og finne meg litt gryn og melk. Det er det store for tida. Håpar ale har det bra!
 

Ingen kommentarer: