torsdag 16. februar 2012

For mykje empati?

Du trudde kanskje at dette innlegget skulle handle om noko nyttig? Noko om samfunnsengasjement eller det å vere eit medmenneske? Well, den gong ei. Nok ein gong handlar innlegget om meg.

Men overskrifta har ein bakgrunn. Eg ligg nemleg sjuk i leiligheta. Og empatien handlar om det faktum at eg tar innover meg alle sjukdommar som pasientane mine har, som er av den smittsame arten. Så kanskje eg rett og slett har for mykje empati?
 
Gunhild har stelt godt med meg, gitt meg både mat og drikke, og Yngvar har lært meg mykje om trening. Likevel så er det ikkje kjekt. Eg har nemleg fått tørrhoste og feber. Feberen er forresten på veg ned no, og eg er KJEMPEVARM. Paracet gjer sitt.

Heldigvis kan eg lungefysioterapi. Det går ut på å få slimet opp frå lungene og ut utan å hoste så mykje. For hosting tar mykje krefter og fører ofte til særs lite nyttig dersom slimet ikkje har kome lenger opp i luftvegane. Så eg pustar og pesar og styrar på heilt til eg avsluttar med ein liten host, og då blir alt mykje betre. Eg fekk raska med meg litt hostesaft på vegen heim òg, noko som er til stor hjelp.

Å HJELPE MEG for eit usakleg og uinteressant innlegg dette vart. Eg gjer eit nytt forsøk:

Eg har fått meg iPhone (dårleg start på eit nytt forsøk, men men)! Kristoffer arrangerte ein storslagen kronerulling til bursdagen min, og eg har no blitt hekta på både wordfeud og nedlasting av gratis, unyttige, men så utruleg artige apps. Trur nok eg slekar på pappa, ja.

Elles hadde eg den beste bursdagen eg nokon gong har hatt. Dei blir stadig betre med åra, og det er ikkje feil. Det byrja med bursdagssjokolade, ballongar og blomar på jobb. Deretter kom Kristoffer frå Oslo. Heile familien var samla og åt wienerpølser. Etter litt rydding og ein time på sofaen kom det mange gode vener på besøk som hjalp meg med å ete opp alt godteriet, og som hylla meg med brask og bram. For å prøve å gje innlegget eit kvalitetsløft, avsluttar eg med nokre bilete frå bursdagen min og dagen derpå:

10 poeng til dei som ser Nicolai!
   
Av naboane mine i Lappen fekk eg mange, mange ballongar, inkludet ein ballongand. Den har eg enno.
Jepp, Simon har fått seg dame! Her er han og flotte Iselin.
 
 Flotte fysiojenter og 1 stk skulderskada.
 
Bestevenn.
 
Då er det tid for å prøve å sove ut sjukdommen. Håpar eg er klar til å tale i Salem på laurdag. Kanskje vi sjåast der?
  

Ingen kommentarer: