mandag 6. februar 2012

No er det gjort

Som tittelen seier: No er det gjort. Det som lenge har vore ein draum, spesielt rundt den mest frustrerande tida av eksamenslesinga gjennom åra mine på fysioterapi, har no blitt til noko som faktisk skal skje. Eg skal reise langt, langt vekk til andre sidan av verda, til eit land eg har drøymt om ei god stund. 

Det heile byrja med at eg sat og las til eksamen før jul 2011. Eg var så lei, så lei og byrja å draume meg vegg på internett. Der såg eg at studentkortet gav 10% avslag på alle opplevingsreiser frå Kilroy. Så eg vart sitjande heile dagen og drøyme meg vekk til alle andre land enn kalde Noreg. Først tenkte eg på India, deretter på Nepal, deretter på Thailand og til slutt på Indonesia. Men eg kunne jo ikkje reise aleine. Så eg snakka med mi gode klassevenninne, Christine, om ho ville vere med på tur. Først tenkte ho nok at det var ein av mine mange idear som ville gå over til neste dag, men til slutt vart ho gira ho òg. På ferie. Til mange tusen kroner. Langt, langt vekke. 

No er billettane bestilt. Til ein stad som eg håpar er like vakker som på dette biletet:


Det stemmer, vi skal til Bali, Indonesia. Det blir 15 dagar med mykje strand og sol, sykkelturar, solnedgangar/oppgangar, billige levekår og mange gode minner.

Her er forresten reisefølgjet:


Eg har høyrt rykter om at det er både apepark, dyrepark og fuglepark der. Det høyres forlokkandes ut, og eg håpar eg skal få vere så heldig at eg kan få sjå ein levande struts. Her er ein struts frå Bali:


Eg har tenkt litt over korleis i all verda ein student kan ha råd til ein sånn ferie. Ja, for eg er jo student fram til sommaren. For det første så har vi jo vår kjære Lånekasse (takk for maten, kjære staten). Og det kombinert med ein jobb og eit nøye budsjett, så er det utruleg kva som går. Eg tenkte på det er om dagen at eg har jo ikkje brukt eit rødt øre på alkohol gjennom studietida, så då blir dette på ein måte min måte å skeie ut på. Nokon vel å gå ut i helgene. Eg har valgt å reise til Bali. Godt nøgd med den avgjerdsla. Eg trur det blir ei fin feiring av endt studietid, og ein god oppladning til det som sikkert blir eit meget spanande turnusår. Eg har lest litt tilbake på bloggen i det siste, og sett alle innlegga eg har skrive om framtidsplanar, kva eg skal utdanne meg til osb. Ein ting er i alle fall sikkert: Vegen blir til medan ein går, og det er spanande å leve. Spesielt når Jesus får ta styringa.

2 kommentarer:

Karen Marit sa...

ah,sweet! tenker d blir OK + å komme ned dit ;)

Astrid sa...

Eg har trua på at det til og med kan bli OK++

Blir spanande å sjå :)