tirsdag 10. januar 2012

TIl alle som fekk hetta

Dette innlegget er til alle som fekk hetta då eg gjorde dette. Illustrasjonsbilete:


Sjølv om eg digga å ha håret sånn, er det no på veg ut igjen for fullt. Siste gongen eg barberte det var 16. mai, og sidan då har det blitt ganske så langt:


Til alle som skulle vere bekymra for at eg går med håret som på biletet over, kan eg meddele at eg går med det sånn:


Då er det berre dei som ser ekstra nøye etter som endar opp med å spørje seg sjølv: Kva i all verda er det ho der har gjort? Dei einaste som tør å spørje er anten frisørar, eller folk av den frampå typen. Eg syns uansett det er ganske ok å forholde seg til den lengden håret har no. For 3 mnd sidan såg det heller katastrofalt ut, for då sto det rett ut og eg hadde sovesveis kvar morgon. Men gjekk det òg. Og no er det over. Så det er berre å sjå framover.

Eg har låge på saueskinnet mitt i heile ettermiddag og prøvd å skrive tale til Vision. Det går sakte men sikkert framover. Men no må eg ta kvelden. Ny dag i praksis i morgon. Mykje spanande ventar!

Og for spesielt interesserte, skal eg avsløre namnet på den muskelen eg er flinkast til å flekse av alle på heile kroppen:


Den roterar til motsett side av den sida den er festa på. Så veit du det.

Ingen kommentarer: