mandag 9. januar 2012

Taustige

Her er stigen som eg fortalte om tidlegare på bloggen. Eg må le litt når eg tenkjer på at eg kalte den for ein hønsestige. Tenk så lange steg ei høne må ta får å kunne gå på den stigen. Så eg kallar den heller for taustige, sidan den er frå Tau. Trekassen kan eg vise ein annan gong. Kan ikkje bruke opp alt kruttet med ein gong. Men her er altså stigen. Og meg. Linselusa.


Som de ser heng det ein sau og sleng over stigen. Den er var ein gong vill og busett på Island. Og så er den ekte kvit, ikkje bleika kvit. Men no har den altså reist over fjorden og busett seg i stova mi og på stigen min. Den fekk eg av Kristoffer til jul. Eg trur kanskje han syns det var litt rart å kjøpe ein død sau til meg til jul, for han skreiv følgjande melding til meg då han var på juleshopping: Eg dør... Men han døydde ikkje, og hadde ingen grunn til det heller, for eg vart kjempeglad, og det vart Gunhild òg. Ho budde på sauen i går og kan meddele at den var varm og god. Det passar godt når vi ikkje har ovn i leiligheta.

Eg er for tida full gang med praksis på Haukeland. No more Masfjorden. Bergen is the place to be. Byen har mykje å tilby, men kanskje ikkje for sånne som meg som har fått ein elefant sitjande fast på hovudet som i tillegg pressar fast eit pannebånd i størrelse 3 år rundt hovudet mitt. Men når den har bestemt seg for å sleppe taket skal eg finne på mykje ymse. Til dømes kjøpe meg treningskort på SiB, noko eg ser veldig fram til. Kan nok aldri måle seg med Elixia som hadde friske blomar i garderoben, 3 ulike badstuar og kulp, men så kosta det jo deretter òg. Er uansett ikkje blomane som får meg i form, så då kan det i grunn berre vere det same. 

For dei som skulle vere interessert, så har eg fått ein 25%-stilling som redaksjonsmedarbeidar i iTro, så det er berre å klikke innom og lese kva eg og andre har på hjartet. Her er eit av mine siste bidrag.

No står fløyelsgraut på timeplanen. Lenge leve high carb!!

Ingen kommentarer: