søndag 22. januar 2012

Gardingåve

Det var frykteleg trist å reise frå Oslo i dag. Ingen tvil om det. På toppen av det heile presterte eg å sjå på røntgenskjermen i sikkerhetskontrollen på Gardermoen medan bagasjen min gjekk gjennom. Det høyres kanskje ikkje så alt for gale ut. Problemet var at eg hadde med meg bursdagsgåver frå onkel Gustav og tante Bente der, og for å sei det sånn: No er det ikkje akkurat ein hemmelighet kva eg får. Men eg kan late som om eg ikkje veit det og prøve å gløyme det. Eg trur eg må slutte å reise med fly. Det har skjedd noko kvar gong i det siste. Kjem tilbake til dette seinare.

Sidan det var så trist å reise var det godt å finne mange fine overraskingar i leiligheta då eg kom heim. Der var det fullt av mat i kjølekskap og skap, badet var reint og fint, kleda mine var fint bretta saman, og eg hadde på toppen av det heile fått nye gardiner. Med andre ord: Foreldra til Gunhild har vore på besøk. Sjå så fine gardiner dei hadde hengt opp til meg:


Så no slepp eg å sjå på naboane, og dei slepp å sjå på meg. Ein god deal.

Men no er det kveld, og i morgon ventar praksis før hanen galer. Det kjennest i alle fall ut som om det er så tidleg. Men veiledaren min er tilbake frå syden, så det blir kjekt (eg har hatt ein annan i mellomtida altså, like flink).

Dette blei litt kjapt og gale. Eg kjem sterkare tilbake seinare!

Ingen kommentarer: