onsdag 29. juni 2011

Konkurranse!

Eg vil byrje dette blogginnlegget med å dele mine knustneriske evner. I går skreiv eg nemleg bursdagskort til Stine, og då skulle eg lage ein slags rebus om kva ho skulle få til bursdagen. Her er teikninga:


Premie til den som klarar å gjette kva ho fekk. Eg slår på stortromma og skal faktisk hekle eit panneband til den som gjettar riktig! Så kommenter i veg. Stine har ikkje lov til å delta, for ho veit det jo allereie.

Eg sit og lurar litt om dagane kvifor eg eigentleg har gledd meg så mykje til sumarferie. Vi har i alle fall ikkje sumarvêr. I dag då eg var ute og sprang var det faktisk like før eg drukna. Og bana var så oversvømt at eg følte at eg sprang i ei bane som dei av og til gjer på friidrett, sånn med hekkar og vatn, berre at det var vatn heile vegen og at eg ikkje hadde hekkar. Anyway, så klarte eg å pådra meg denne springe-i-regnet-floka:


Oh yes, det er ein einaste stor floke. Det tok si tid å få løyst opp den. Så lang tid at eg ikkje rakk å lage meg dessert etter middag. Det er nedtur. Og for dei som skulle lure, så har eg på ingen måte deltatt på Stoltzekleiven opp. Ja, eg har meldt meg på litt ymse i år av sportslege arrangement, men det får vere måte på. Eg kjøpte gensaren på Löplabbet uvitande om kva som vart trykt på, men for all del, det er berre kjekt at folk trur at eg har sprunge opp på ei kjempetid. Ein må nemleg springe under ei viss tid for å få ein sånn genser. Når eg tenkjer meg om så veit eg ikkje kvar Stoltzekleiven er ein gong. Det må eg finne ut.

Eit anna teikn på at sommarferien ikkje er den heilt store eventen i året, er at eg sit og gler meg til å byrje å lese pensumlitteraturen for 3.året. Eg gler meg faktisk til å sitje på lesesalen igjen. Men dette er vel kanskje sånn informasjon ein eigentleg skal halde for seg sjølv? Jaja, no er det ute, og de får heller bruke det mot meg når eg byrjar å klage om at eg er så lei av å lese.

Og viss du skulle ha gløymt det no, så må du hugse å tippe på teiknekonkurransen! Heia, heia!

3 kommentarer:

Eline sa...

Det har noe med Harry Potter å gjøre :)

Stine Elise sa...

HARRY POTTER-BILLETT! Mvh Stine. Eg spanderar middag før kinoen :) Gler meg vilt til kinoen, supergåve frå SuperAstrid! K-J-E-M-P-E- K-J-E-K-T! Og premie kan leverast til Alvervegen 15, 5911 Alversund, NORWAY.

Anonym sa...

Tenkte å tippe regneark:) gla eg ikke vant. For Stines del... søs