onsdag 6. juli 2011

Fylt paprika med kyllingkjøttdeig og fetaost

Alle som kontinuerleg har venta på oppdatering av bloggen sidan sist gong eg skreiv, kan no puste ut. Eg er heime igjen, og har med dette lite å gjere utanom å blogge. Så det er berre å følgje med.

Grunnen til at eg har vore fråverande, er fordi eg har vore i Balestrand. Balestrand! Balestrand... Sukk. Og konklusjonen er at det er den vakraste staden i heile universet. Vi fekk til og med fint vêr på laurdagen, og med dette la vi ut på tur. Den byrja i Saurdalen, hadde ein liten stopp på Munkeggi, og vart avslutta på Raudmelen. Joda, vi gjekk ned att òg altså. På søndag venta frukost på Kviknes. Halleluja, for ein mat. På kvelden skulle eg eigentleg på konsert, men det vart heller nøkkeloverlevering i Bergen. Eg har no nøkkel til leilighet i Stemmeveien 16, og her er alle velkomen. Vi skal til og med ha kjøkenbord, så du kan få kome og ete yndlingsmåltidet mitt, nemleg kveldsmat. Du kan få ete frukost òg, men då seier eg ingen ting, så det er kanskje ikkje så koseleg.

Men over til noko anna. Lat oss snakke om vêret. Eg har hatt fri i dag, så eg byrja dagen med å leggje meg ut på solsenga, i håp om at det skulle bli sol. Det vart det ikkje, og eg vart liggjande og fryse. Men så, plutseleg kom sola, og eg vart både brun og raud, og ikkje minst KJEMPEvarm. Eg skulle eigentleg ut og springe i dag, men kom fram til at det vart alt for varmt. Veldig synd (høhøhø). No derimot, no regnar det kattar og hundar, og det var litt dumt, for pappa hadde gløymt å lukke takluka på bilen. Pluss at eg skal få grillgjestar i kveld. Men vi kan grille inne. Det er lungt.

Og viss nokon skulle stusse litt på overskrifta, så er det berre dagens middag. Eg er forferdeleg dårleg til å lage overskrifter. Det var forresten kjempegod middag. Og ja, du kan klare å lage den.

No fekk eg plutseleg ein enorm trang til to ting: Nummer ein er å reise på harryshopping til Sverige, helst til Svinesund. Nummer to er.. Nei, det var visst berre harryshopping. Jo, eg fekk litt lyst til å sluke eit spann med Ben & Jerrys. Vi har fått inn ein ny smak på Safari som eg går og siklar på kvar dag, men som eg ikkje har fått meg sjølv til å kjøpe. Eg skal kjøpe det når eg er ferdig med neste eksamen. Feire med is og pølse. Det blir litt av ein dag.

Bilete frå turen til Balestrand kjem når Kristoffer har klart å rive seg laus frå fiskestanga og får sendt dei til meg. Ja, dette var eit hint.


Edit: Her er eit bilete frå turen. Dette er blåmerket eg fekk etter at eg trakka gjennom fjellsnøen og landa med kneet på ein stein. Utruleg interessant.

Ingen kommentarer: