tirsdag 28. juni 2011

Husmorbloggen

På mange bloggar kan ein lese om ulike bakeoppskrifter, strikkeoppskrifter, hekleoppskrifter, tips og triks om vasking i heimen og liknande. Eg tenkte på det her om dagen, at kanskje eg skulle gjere noko liknande? Eg er jo trass alt særs oppegåande på alle desse områda, og er tvers gjennom eit perfekt kåneemne.

Så lat oss setje i gang med kjøkenavdelinga av husmorbloggen. Dagens tema er filetering av fisk. Det har eg nemleg gjort i dag. Vi hadde ein del fisk på jobb som var øydelagt (som eg likar å kalle det), så eg fekk øve meg så mykje eg ville på dei. Med det sagt, så er det berre for deg å setje deg godt tilbake i stolen og nyte synet av min første fileterte ørret:


Den var faktisk heilt perfekt, men så kom det tilfeldigvis ein katt som byrja å klore og bite på den. Veldig synd, det. Så eg prøvde meg på ein ny ein:


Den vart eg faktisk ganske godt nøgd med. Her prøvde eg meg på ein laks:


Og no lurar du kanskje på: Korleis i all verda klarte du dette? Korleis fileterar ein fisk? For å sei det sånn, viss du veit det, så gje meg gjerne ein lyd. Eg prøvde meg berre fram, og gjorde det sikkert heilt feil. De får søke på youtube. Det einaste rådet er har er å bruke god tid. Først prøvde eg å gjere det i same tempo som dei gjer på fiskefabrikkar. Det slo ikkje heilt an.

Neste blogginnlegg skal handle om korleis ein kan sy nokre flotte sumargardiner til kjøkenet. Nei, men herlighet, kven er det eg prøvar å lure? Eg har jo ikkje symaskinsertifikatet ein gong! Sukk. Eg trur eg legg husmorbloggen død.

Men... Ellers så har Stine bursdag i dag! Hipp hipp hurra!

Og Kristoffer gler seg så mykje til den siste Harry Potter-filmen at han har anlagt Harry Potter-arr i panna. Nydeleg!

Foto: Ingebjørg Madland

Eg, for min del, sit og ventar på middag, og har lyst på Ben&Jerry's.

Ingen kommentarer: