onsdag 2. mars 2011

15 to go!


Ok, folkens, no er det rett og slett berre 15 dagar att til eg flyttar vekk frå Masfjorden for godt. Eg kom hit 3. januar, og kvar dagane har blitt av, det veit ikkje eg. Tida har flydd i historisk fart trass det faktum at eg har hatt historisk lite å gjere på om dagane. Trur faktisk ikkje eg har hatt så lite eg må gjere på mange år, og det har vore godt. Eg vel å kalle dette Masfjordoppholdet for ein retreat. Tek meg såpass fridom. Håpar ingen protesterar.

I dag har vore ein heilt normal dag. Det byrja med nok ei propellnatt der eg har gått i søvne til den store gullmedalje, drøymt at eg har fått pasientar inn på rommet som eg skal behandle, vore oppe og tatt sana sol og ete rosiner, gått på do, ordna håret osv osv. Nei, det skal ikkje vere lett. Når eg er inne i sånne dårlege søvnperiodar saknar eg ekstra mykje å dele rom med Karen Marit for så sov eg så trygt og godt.

Men uansett. Klokka ringte kl 6, eg åt frukost og gjekk på jobb. Der fekk eg latterkrampe med ein pasient, og det gjev glede langt ned i hjarterota. Veit ikkje heilt kva vi lo av, for eg forsto ikkje heilt kva han sa. Men eg tolka det på min måte og tykte det var ufatteleg morosamt. Så der sat vi og lo og klarte nesten ikkje trene.

Etter jobb var det ein kjapp tur innom Spar for å oppleve the big thing i Masfjorden denne veka, nemleg tilbod på grilla kylling. Eg kjøpte ikkje, for eg ville ikkje ha. Eg kjøpte faktisk ingen ting. Etter butikk var det duka for lasagne og salat her i sjøboda, og no sit eg og planlegg krakkegym for søte folk på gamleheimen som eg skal ha i morgon. Kanskje tar eg meg ein joggetur seinare i kveld. No har eg nemleg funne ut at oppvarming ikkje er så dumt, spesielt ikkje for beinhinnebetennelsefolk som meg. Kjekt å kunne jogge igjen, det er det verkeleg. Ingen ting er som å vakne opp med treningsverk i bein og armar. Då kjenner eg at eg lever.

Ok, kvifor i all verda skriv eg dette? Det er verkeleg ingen morosame eller interessante poeng i dette blogginnlegget. Jo, rett og slett fordi eg seinare skal ha moglegheiten til å lese om korleis ein heilt vanleg dag var i Masfjorden. Eg trur nemleg at eg kjem til å sakne det litt, dette livet. Å ha så god tid, å høyre på vinden, å bu 1 meter frå fjorden, å sleppe eksamenspress for ei lita stund. Rett og slett ha tid til å tenkje og til å nyte livet. Skal i alle fall nyte dei siste dagane, det er sikkert.

1 kommentar:

Karen Marit sa...

Kjekt å vera sakna, dog eg sku ynkje du sov godt utan meg òg!

Tenk kor dagane flyg!