søndag 6. mars 2011

Å vente..


Berre 11 dagar att no, så skal eg attende til eit nyvaska og strøkent loftrom i St. Torfinns vei. Der skal eg liggje i senga mi på stjerneklare netter og sjå ut på stjernehimmelen, for eg har plassert senga under det eine vindauget i taket.

Når Bergen igjen husar meg, skal eg på kafè og drikke smoothie og spele scrabble. Då skal eg opp på Ulriken igjen med min gode ven Pulsklokka. Då blir det kubb og grilling i parken, eller bål og pølser viss eg er i det rette hjørnet. Då blir det igjen rangling med alt for mykje mat og alt for dårleg humor. Om søndagane kan vi gå til Salem viss vêret er ok. På skulen vil det igjen sitje fem nydelege fysiojenter på fjerde bakerste benk i auditoriet og halde den ytterste plassen ledig til meg som alltid kjem sist. Vi skal lære og le og ete youghurt i friminutta viss blodsukkeret ikkje er for høgt. Kveldane vil bli varmare og varmare, og etter kvart kan vi finne att t-skjortene som har vore gøymt under gensarar heile vinteren. Asfalten vil i alle fall til tider vere bar, og då kan dei slitte converseskoa kome fram frå skohylla. Kanskje skal eg kjøpe meg eit par nye, kvite tøysko. Det er igjen lov å kjøpe McFlurry, og det skal eg gjere til eg blir flau. Eg skal helse våren varmt velkomen.

Men først skal eg nyte ei vakker bygd der eg kan gå på tur så seint eg berre vil om kveldane. God musikk på øyret. Stilla, og den vakre, bittersøte einsemda. Det har vore lærerikt å bli kjent med den, for den er ikkje så aller verst.

Det er godt å leve i dag, og det er godt å vente på det som skal kome.

Ingen kommentarer: