onsdag 16. februar 2011

Astrid uten tenner

Ikkje mine tenner, men eit skremmande likt røntgenbilete.

Dagen i går tok ein interessant vendig. Eg ana fred og ingen fare, og var på jobb som vanleg. Vi skulle til Haraldsplass seinare på dagen for å høyre på eit foredrag, men utanom dette var det ein heilt vanleg dag. Plutseleg kom eg på at eg hadde ein tannlegetime eg måtte få avbestilt. Eg har nemleg visdomstenner som veks vassrett, og nokre heldige tannlegestudentar skulle ta røntgen og undersøke dette fenomenet. Så eg fann fram telefonen og ringte, men det vart ingen avbestilling, for timen var visst kl 13 same dag.

Det var herleg tilfeldig at vi reiste til Bergen akkurat den dagen, for då rakk eg denne tannlegetimen. Men det skulle med tida vise seg at eg ikkje rakk foredraget som byrja kl 1430, for tennene mine var ikkje akkurat enkle å ta røntgen av, så dette tok ei heil stund. Deretter skulle to tannlegestudentar ta opp journal, og dette tok òg ei heil stund, men det var berre koseleg. Litt sosial næring er ikkje til å forakte. Dei fann etter kvart ut frå bileta og ein grundig sjekk at ei av tennene pressa mot ei nerverot, så den måtte fjernast. Der og då. Og sånn vart det. Og sidan dei først skulle bedøve meg, så ville dei ta den andre tanna på venstre side i same slengen.

Men visste du det, kjære lesar, at når ein skal trekkje ei tann, så skal den verkeleg trekkjast ut. Eg trudde at det berre var å pirke den ut, men der tok eg visst grundig feil. Og med munnviken som brekkpunkt (no erstatta av eit stort sår), akkompangert av herlege metall-mot-tenner-lydar, gav tannlegen seg ut på ein trekkeprosjekt av dei store dimensjonane. For tanna, den skulle ikkje ut. Og tannlegen, ho skulle ikkje operere. Basta. Røtene var lange og tjukke og hadde slått rot rundt eit bein. Men etter eit utall bedøvelsessprøytar, mykje jekking og trekking og 1 stk lettare sjokkert Astrid, kom tanna ut. Sjølvsagt måtte eine rota knekke, men tannlegen fekk pirka den ut òg etter ei stund. Dette var tanna nede. Tanna oppe var snill og gjekk med tyngdekrafta etter berre eit par pirk med den meiselliknande tingen tannlegen styrte på med. Så der sat eg plutseleg, berre nokre timar etter det som såg ut til å vere ein heilt vanleg morgon, med to av mine eigne tenner i eit glas, 1 stk hovent fjes og 1 stk foredrag som eg ikkje fekk med meg.

Men lat oss sjå på det positive. No kan eg i alle fall ikkje få hol i dei visdomstennene!

1 kommentar:

Silje sa...

oi, guri, eg kjente at dette nesten blei for masse for meg. off.
Du er tøff!