mandag 14. februar 2011

Valentines i Masfjorden

Ja, då var eg attende på verdsveven, klar for å leggje ut om min kvardag til alle de som sit der og hoppar opp og ned av glede kvar gong eg oppdaterar bloggen min. Og medan rundstykkedeigen hevar seg stor og fin skal eg oppdatere dykk på alt av siste sladder frå Astrid Rydland Bjørke sitt liv.

Først av alt må eg få sagt at eg hadde ei heilt fantastisk bursdag. Takk til alle som bidro til det. Eg fekk indisk middag heime med m&p og co, og på kvelden var det bursdagsbesøk i St. Torfinns vei med 30 gjestar, mykje god mat, etterlengta sosialt påfyll, mange flotte gåver, gode drøser og mykje latter. Og i lunchen stilte Christian med gulrotkake som han hadde laga sjølv. Beste gulrotkaka eg har smakt! Her er den i fin kontrast til brød med makrell i tomat:



I dag er det akkurat 4 veker og 6 dagar att i praksis her i Masfjorden. 23 dagar til på instituttet skulle gå bra. Eg merkar at dagane går fortare og fortare, og at eg klarar å ta ting meir på sparket enn før. Pasientane er ikkje fullt så skumle lenger, og eg treng ikkje lenger tenkje meg om 1000 gongar for å hugse kva ei undersøking av ein rygg skal innehalde. Det er ikkje feil, det. Men å stå opp kl 06 kvar dag, kjem eg aldri til å bli van med, sånn er det berre. Eg er like ulykkeleg kvar morgon, men nyttar då høvet til å lage meg ein god frukost, så då går det litt opp i opp med sorgen og gleden.

Dei alltid like etterlengta helgene blir tilbragt for det meste i Bergen, men Knarvik og Oslo har òg fått litt besøk av meg. Førre førre helg var eg i Oslo for å bli filma til eit møtevekeprosjekt på iTro.no som skal visast i mars. Blir spanande å sjå. Fekk samstundes møtt igjen mange herlege folk. På toppen av det heile fekk eg eit møte med spysjuka, og det til og med dagen eg skulle reise med fly. Det vart den mest interessante flyturen nokon sinne trur eg. Men eg kom meg fram i live og slappa godt av før eg kom meg på jobb igjen. No i helga viste Bergen seg frå si beste side, og eg vakna til sol og blå himmel, noko som måtte feirast med ein tur saman med skjerfet til Arnhild.


I dag er det den o store valentinsdagen, og eg har feira kjærleiken ved å lage rømmegraut til meg sjølv, for det hadde eg veldig lyst på. Eg slo på stortromma og kjøpte til og med spekeskinke. Det gjorde godt. På jobb hadde ein av pasientane mine laga fruktsalat til meg som eg fortærte med stor iver i lunchpausen. Eg sit faktisk i leiligheta og har lyst på meir av den no, men den er på jobb, så då får eg berre ha det så godt. I tillegg til fruktsalaten skjedde det noko særs spanande mot slutten av arbeidsdagen. Eg fann eit heilt svart hår i håret mitt medan eg sat og jobba for å få laus ein floke frå hestehalen. Det vart stor iver på kontoret, og både Christian og Ingrid tykte dette var særs spanande. Ja, det skjer store ting i Masfjorden!

Veka vidare kjem til å gå med til journalskriving, trimgruppe for eldre, gymtime for barneskuleelevar, middagslaging, kurs på Haraldsplass (bytur, joho!), herlege pasientar, taleskriving, klesvask, sykling, og alt anna som høyrer med i ein kvardag. Sjokoladestreiken, for dei som skulle lure på det, går heilt fint. Takk til pepsi max, rosiner og knekkebrød med honning.

Eg har allereie no byrja å gle meg til å kome attende til kvardagen i Bergen. Det kan vere at det er litt tidleg, men eg klarar ikkje la vere. Eg tykkjer i grunn at eg er ganske flink til å vere nøgd med situasjonen eg er i og nyte denne, men det er ikkje til å stikke under ein stol at det blir godt å kome på skulebenken igjen, gå den herlege morgonturen til HiB, tørr asfalt, vener, Ulriken, treningssenter og alt anna som Bergen har å by på, og det er ganske mykje. Tenk, det er snart vår! For ei lykke.

No skal eg bake ut rundstykka og lage kyllingsalat til lunch i morgon. Det er fantastisk å ha så god tid!

2 kommentarer:

Kristine sa...

Hei og hopp Astrid =)
det var digg å finne ut at du blogger..hehe.. det visste eg ikkje. Og så kan eg jo bruke anledningen til å si at det er såå altfor lenge siden sist, for du er rule-kul! håper du koser deg storveis =)
btw, så går eg i klasse med christian sin kjæreste, og får dermed høre at han har en kjempe herlig utplasserings-praksis-person med seg =) du er bra!
stor klem fra kristine =)

Cassis sa...

For ein herleg blogg!

Helsing Lars :)))))