mandag 13. desember 2010

Velkomen til barne-tv

Til alle som er uroa, til dømes mamma, kan eg meddele at eg har fått ete middag opp til fleire gongar sidan førre innlegg. Ja, det har kanskje blitt frå Fjordland ein gong, men likevel, det er middag.

Det skal vi ha, vi i klasse F09, at vi verkeleg er nokre arbeidsmaskinar. Vi har no hatt tre eksamenar, og for min del kan eg gledeleg sei at eg har kome meg heilskinna gjennom alle. Ein gjenstår, og eg er veldig spent på den. Men om det ikkje går, så er det ikkje verre enn at juleferien blir utsett 5 dagar. Det kan eg leve med. Men planen er i utgangspunktet å stå på førte forsøk. Men eg merkar det at 4 eksamenar på 7 dagar, det tar verkeleg på. Sidan dei er lagt opp så tett betyr det at det ikkje berre er å gå heim etter at ein har gjort sitt. Neida, då er det berre å ta ein liten etepause og lade opp til ein ny arbeidsdag. Ferie, ja, det blir godt.

Overskrifta har ikkje noko meir spanande poeng enn at eg såg meg i spegelen i stad og såg at eg såg ut som ein gjennomsnittleg programleder for barne-tv. Fletta hår og t-skjorte med Bernt og Erling = gullkombinasjon. Men for tida så bryr eg meg fint lite, og går for det meste i grilldress. Så det at eg i det heile tatt har gidda å dra på meg ei dongeribukse er ein framgang. Så då får det heller berre vere at eg ser ut som ein programleder for barne-tv.

Men folkens, no er det Luciadagen, så då er det lussekattbaking neste på programmet for min del. Håpar de har baka de òg.

1 kommentar:

Anonym sa...

Du var en veldig søt barnetv programleder! :D