tirsdag 14. desember 2010

Kapitulasjon og opplading

Stine og Camilla i intens øving med fokus på gange og balanse. Flinke jenter!

No ligg eg paddeflat i senga og kjenner at eg har totalt gitt opp, samstundes som eg ladar opp til siste innspurt i eksamensøvinga. Ein interessant kombinasjon. Eg har vore på skulen skremmande lenge i dag, og kjenner at det hadde vore veldig ok viss dagen i morgon vart den siste dagen eg måtte tilbringe i Møllendalsveien 6 før jul. Faktisk fram til mars.. Eg skal jo i praksis.

No har kroppen blitt tøyd, dradd, pumpa og strekt, og er ganske så klar for ferie. Eg trur ikkje det er mange andre utdanningar som kan tilby eksamensøving med tilhøyrande treningsverk. Men eg er faktisk skikkeleg støl i heile kroppen etter uttallege knebøy, nedtrekk, bekkenvipp og rygghev som ein konsekvens av øvinga til øvelseseksamen. Men det skal vi ha, kollokviegruppa mi, at vi har vore kreative nok til å lage 25 ulike behandlingsopplegg utan å bruke øvinga sit-ups ein einaste gong. Flinke? Ja. Vi kan det å tenke alternativt.

Eg fekk meg ein pause i øvinga i dag då eg plutseleg kom på at eg skulle til legen. Eg tenkte det var på tide å ta ein skikkeleg helsesjekk, og eg har jammen meg fått meg ein grundig fastlege. På torsdag skal eg tilbake og ta om lag 1000 blodprøvar for testing av alt du kan tenkje deg. Blir spanande å sjå om eg er sunn og frisk. Men ein ting er klart; med eit blodtrykk på 95 over 60 er det ikkje akkurat akutt fare for hjarteinfarkt. For dei som skulle vere interessert i å lese dette. Jess. Eg legg faktisk ut blodtrykksverdiane mine på bloggen. Som de sikkert forstår har eg veldig mykje spanande som skjer i livet.. Det er forresten advent for dei som skulle lure på det. Det hadde eg gløymt nemleg.

1 kommentar:

Stine sa...

Kjære Astrid. Korleis går det med deg? Eg vonar du har det bra, du er flink! Eksamen går sikkert betre enn du trur og om ikkje så tar eg med ei sjokoladeplate når eg kjem på besøk.

Orsak for at eg ikkje har svart på mail og facebooken din før no. Det har vore nokre hektiske veker og internett i Australia er hundre år etter normal utvikling. Dei brukar faktsik 42mrd på å få eit fungerande internett i landet. 42mrd dollar riktig nok. Det er mykje!

No sit eg på flyplassen i Hong Kong. Det er litt rart å skulle reise heimatt no, men eg er så klar for det! Det er jo jul jo, og Brisbane byrjar å bli vel varmt for min del.

Kortid har du siste eksamen? Eg vil ikkje forstyrre deg før det. hehe :)

Glad i deg, fine bever! Mange klemmer frå Stine