søndag 26. desember 2010

God jul!


Ja, her kjem eg springande på ski for å ønskje dykk alle ei god jul. Sånn litt på etterskot. Men likevel, god jul. Vonar de har det godt der de er, og at de òg har eit tredobbla kaloriinntak i forhold til vanleg. Sånn skal det vere i jula.

I Isdalstø er det kaldt, men det er nett fint, for då kan eg gå med den nye jakka mi heile tida. Vi speler ticket to ride, et, les bøker, løser kryssord, er med resten av familien, har besøk, går på besøk og et litt til. Roen har verkeleg senka seg, og eg skal nyte denne søndagen til det fulle, for i morgon skal eg jobbe igjen. Dagen byrjar i alle fall godt med at mamma kom med frukost på senga til meg. Det kan eg bli van med, hehe.

I dag har eg gått 7 km på ski. Det er godt nøgd med. Fekk teste om skøyteskillsa fortsatt var på plass. Eg fekk krampe under foten, men det gjekk i slak nedoverbakke. For dei som ikkje veit det, så skal heile F09 vere ledsagarar for blinde på Ridderrennet i ei heil veke i april. Det er noko som eg ler godt av når eg kjem på det. Eg merkar eg er særs spent på korleis det skal gå. Men for all del, eg klarte jo å lage laksemiddag til 10 pers på Safari, så då kan eg kanskje klare å vere blindeledsagar òg.

Neste dagane kjem til å gå i eitt. Eg skal vere ledar på nyttårsleir på Raknestunet, deretter i bryllaup til Maria og Daniel i Jølster, før eg skal flytte til Masfjorden. Tek gjerne imot tips på kva eg kan finne på der inne!

No er det restemiddag på programmet, og eg er faktisk svolten. Det har eg ikkje kjent på på fleire dagar. Då er det plass til meir mat. Joho!

2 kommentarer:

Stine sa...

eg GLER meg til imorgon. gjer du? eg vonar du gjer det. eg trur det blir eit herleg besøk. kanskje vi kan ver ein smule intense, men kven bryr seg sånn eigentleg. dette vert kjekt! kos deg i dag på ski og greier. ikkje dårleg.

du er kul! og for ei knaashhh og freshhh jakke du har. den kledde du!

Anonym sa...

Blindeledsager. Det klarer du lett! !