tirsdag 21. desember 2010

Astrid sprenger grenser

For det første var det grensesprengande på mange måtar at leiinga på Safari i det heile tatt plasserte meg bak ein ferskvaredisk. Eg ler enno inni meg av og til når eg tenkjer på at eg av alle jobbar der. Men det stoppa ikkje med det. Stadig blir nye grenser sprengt, til dømes at Astrid blir ven med saga og tør å kutte pinnekjøt. Ja, rett nok måtte eg godsnakke litt med saga nokre dagar for å bli ven med den, men no er det faktisk sånn at eg håpar at alle kundane som kjem bort skal ha pinnekjøt, for då får eg kutte. Ein annan ting er at eg har blitt glad i fiskedisken. Eg pakkar den gjerne opp og gjerne igjen. Det kunne eg ikje fordra før. Men den flotte, vesle dialogen eg hadde med sjefen i kveld tok kaka. Den såg om lag sånn ut:

Sjefen på Safari: Ja, forresten, du skal lage lunch til 10 personar i morgon til kl 14. Laks med tilbehør.
Astrid: Hahahahahahahahahahahahaha (og tenkjer: yeah right..)
Sjefen: .....
Astrid: Hahahahahahahahaha
Sjefen: .....

Astrid: Åå..


Så i morgon skal eg faktisk lage mat. Som skal seljast. 10 pers. Flotte greier. Eg merkar at eg er veldig spent og litt småfnisete med tanke på korleis det skal gå. Men for all del, flott med nye utfodringar.

Men før denne grensesprengande dagen på jobb, var eg og Stine, som ENDELEG er heime att frå Australia, i Bergen for å kjøpe julegåver. Det vart det lite av, men eg feira meg sjølv og at det er tysdag ved å kjøpe meg to nye jakker. Den eine er sånn fin, gammal skijakke med pelskant. Den fann Stine til meg på Fretex, og kosta den nette sum av 89 kr. Fantastisk. Den andre var ei dunjakke som var på halv pris, og namnet mitt sto så og sei på den. Eg måtte berre ha den. Hurra for meg, god jul til meg, meir til meg, velkomen kjære materalisme. Men uansett, så ser den sånn ut:



Eg kjøpte den flotte, nøytrale, altså den rosa. Rosa er fint, helsing barbie-Astrid.
No skal eg sove og lade opp til ein ny dag på safari med pinnekjøt som kladdar under skoa, dammar på golva som gjer at eg nesten pådreg meg både lyskestrekk og leddbandsskadar. Juleferie? Jada, snart..

1 kommentar:

Jorunn Andrea sa...

Astrrrrid! Du er så morosam! Eg ser for meg deg med saga lysten på å kutta alt som kan kuttast. (...litt skummelt bilete når eg tenker for lenge på det...)

OG gratulerer meg tysdagen og med jakka. Den var SMASHINGS og det stod definitivt barbie-astrrrid på den! Love it!

God jol i stova!