lørdag 30. oktober 2010

All by myself

Jentene har forlate meg, og eg er åleine heime i St. Torfinns vei. Rart, veldig rart. Eg er ikkje storfan av å vere aleine så lenge, så eg har lagt mange planar for å halde meg sosialt aktiv. På torsdag var eg på kino med Ane og såg Keepern til Liverpool. Det er ikkje ofte eg ler høgt, men det var av og til i filmen eg ikkje heilt forsto korleis eg kunne få ut nok latter, for det var så morosamt. I går var eg på kvelds hjå Eline saman med Hege og Katarina, og drakk ca 13 liter kakao. Sånn går det når ein skal ha godtefri.

Eg må berre fortelje om ein liten episode som hende i går. Då eg kom heim frå skulen hadde eg klart å time det slik at eg var ute akkurat då himmelen opna alle sluser, noko som førte til at buksa mi var kliss blaut. Så då eg kom heim tok eg den av meg, sidan eg uansett var aleine heime liksom. Litt seinare skulle eg gå ut igjen, og eg tok på meg sko, ytterjakke, satt på headsettet, slang treningsbagen over skuldra og var sånn ca tre meter frå å forlate huset før det gjekk opp for meg at eg rett og slett ikkje hadde bukse på meg. Eg må ha sett fantastisk bra ut, både uttrykket mitt i fjeset og korleis eg såg ut. Så sånn er det å vere meg. Sitat Eline: Astrid, du er en film, du!

Men altså, fram til no har eg klart å halde meg i gang, sosial, og eg har ikkje kjeda meg. Men laurdag føremiddag, altså no når eg skriv, det er ei kritisk tid. Det er ikkje liksom ikkje då ein lagar avtalar med kvarandre. Eg har sjeldant noko på tapetet ein laurdag føremiddag, og det plar gå strålande, for det er jo tre fantastiske jenter her å vere sosial med. Men kva skjer når dei er vekke? Jo, då må ein klare seg sjølv. Og kva gjer ein då? Jo. Eg sov til eg vakna av meg sjølv, snoka på facebook, åt frukost og.. hald dykk fast.. lærte meg ein song på gitar! Eg har lært meg ein song på gitar! Og nei, ikkje på gitar hero, men på ein ekte akustisk gitar som eg til og med har stemt sjølv. Det er fantastisk, og sjølvsagt må dette dokumenterast. Så her kjem nok ein fantastisk videoblogg av meg. Dette var take 1, og eg hadde i grunn tenkt å publisere take 2 (som de sikkert kjem til å forstå), men uansett, her er eg altså i all min morgonprakt, syngande og spelande på GITAR!


No skal eg ta meg ein dusj, vaske klede, lese litt farmakologi og kome i gang med dagen, sånn på årntli.

4 kommentarer:

KakeKvinnen sa...

Du er så kul, Astrid! Jeg ler av deg, men på en veldig hyddelig måte! :) Takk for alt du deler!

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Karen Marit sa...

likte slutten på filmen ;)

Astrid sa...

Silje: Å, takk for at du kan få glede av mitt til tider kaosfylte liv :) Og takk for at du kommenterar!

Karen Marit: Haha, DET kan eg tenkje meg ;)