søndag 24. oktober 2010

Speidar i mørkret


Okå, eg fann ut ein ting til eg ønskjer meg til jul. Eg ønskjer meg, hmm, eg veit ikkje kva det heiter, men det ser sånn ut som biletet over. Berre at eg har mykje finare sko, hehe.

Eg har vore så utruleg kristen denne helga. Vore på fire møter sidan fredag. I dag var eg forsongar, og rett før møtet fekk eg vite at det skulle bli sendt på radio. Det er jo supert. Men, så er det jo trass alt ikkje meg det handlar om, så då var det i grunn heilt greitt.

I går gjekk lyset på jobben. Heilt plutseleg. Då tente vi stearinlys og rulla ost inn i mandelflak. Vi kunne faktisk ikkje gjere nokon ting anna fornuftig, og det var i grunn ganske digg. Utanom at eg måtte vere lenger på jobb, fordi porten ut har kodeboks, og den må ha straum for å funke. Koseleg med stearinlys!


Sitat frå kollega då lyset gjekk: Jaja, når lyset kjem på finn vi garantert Astrid etande på eit eller anna.

Faktisk så tok eg ingen ting i mørkret, men eg fekk ei fiskekake medan vi venta.

Eg har særs lite klede som er reine. Men i morgon er det ei ny veke med nye moglegheiter, og klede kan vaskast, oppgåver kan skrivast, godteri kan forbli uspist, middagar kan planleggast litt betre sånn at det ikkje blir nøkkelholgrandiosa, treningar kan gjennomførast, rommet kan ryddast. Ja, det er stort forbetringspotensiale. Men det er godt å slappe av òg.

Ingen kommentarer: