mandag 21. juni 2010

Mykje gjort, mykje glede

Den ferdigrydda stova.

Nokre dagar får ein gjort mykje. Det er mange dagar ein får gjort mykje, men av og til, som i dag, har eg fått gjort mykje utan å kjenne på stress, berre meistring og glede.

Dagen byrja med ein god frukost, deretter ein dag med praksis. Der lærte eg igjen mykje nytt og spanande, og når det i tillegg er is med tilbehør i lunsjen, då kan det i grunn ikkje bli betre. Då klokka runda fire labba eg bort til bussen der eg plutseleg såg at eg hadde gløymt å skifte, så eg reiste heim i fysiouniform. Eg var nydeleg, det er eg sikker på. Slike uniformar er jo utruleg gode på det å framheve dei gode trekka hjå folk.

Vel heime rydda eg leiligheta i ein fei, før eg fekk besøk av to jenter som skulle på visning. Eg fekk god nytte av alle sel-huset-ditt-programma eg har sett på TvNorge, og skrytte av beste evne. Etter skrytinga, pakka eg treningsbagen og gjekk ned på Elixia, der eg fekk gjennomført ein herleg spinningtime til Grand Prix-musikk og fekk avtala ein PT-time eg hadde tilgode. På spinningtimen hadde eg på meg gnisseshorts (sånn shorts som gnissar mot innsida av låra, au!), og det anbefalast på ingen måte, men eg kom meg no gjennom det.

No sit eg i leiligheta og ventar på at to brett med rundstykke skal heve seg ferdige. I august (!!) kjøpte eg nemleg to pakkar med brødbakemix (eg hadde nemleg store planar om å bake brød sjølv, noko som sjølvsagt aldri vart noko av), og sidan dette er siste veka mi i Oslo, tenkte eg at det var på tide å kvitte seg med dei. Den eine kunne eg kvitte meg ganske raskt med, for den hadde gått ut på dato. Den andre står altså no og hevar seg. John Mayer spelar i bakgrunnen, det er vakkert sumarvêr ute, og livet, det er herleg folkens!

2 kommentarer:

Karen Marit sa...

Så fint!!
Du er kjempe flink :)

men du, når du drar - gidder du å sette blomstrene på kjøkkenbenken da, sånn i kroken? For da står de seg liiit lenger uten vann.. Å kanskje overlever til jeg kommer å henter de :/

Skulle ønske jeg kunne smakt de rundstykka!

Astrid sa...

Takk, Kæren :) Det er du òg! Likte så godt innlegget ditt i dag.

Neeeeeeeeeeeiiii ;) Joda, eg skal ta godt vare på blomane :)

Hehe, eg kan leggje eit oppi matkassa di. Så kan det liggje og godgjere seg til du kjem.

I dag baka eg bollar med sjokolade inni. DEI skulle du ha smakt :)