torsdag 17. juni 2010

Hei, hvor det går!


Eg har ikkje så veldig mykje nytt å melde om, så eg tenkte eg kunne bidra med å gje nokre tips om songar som er gode å trene til, som gjer at ein klarar å gje det vesle ekstra.

Eller, forresten. Eg kosar meg mykje om dagane. Det skjer igjen og igjen at eg til dømes tenkjer "når eg er ferdig på trening må eg gå og lese", men så kjem eg på at, hallo, det er jo ingen ting å lese på! Like kjekt kvar gong. Eg er i praksis enno, og prøvar å vere ein svamp som sug til seg så mykje kunnskap som mogleg. Elles var eg og Per Inge ute og åt i går, og då fekk vi klara opp i ein stor misforståelse vi har hatt. Det var følgjande: Eg har gjennom heile forhaldet undra meg veldig over at Per Inge klarar å ha både mat og drikke i munnen på ein gong. Eg såg for meg at det heile vart blanda til ein sånn ekkel, flytande masse. Men der tok eg feil. Mat og drikke går visst ned kvar for seg. Som de skjønar, så har vi store problem å handtere i forhaldet!

Men attende til spelelista. Her er den i all sin prakt:
  • Black or white - Michael Jackson
  • Release me - Agnes
  • Take my body close - Velvet
  • La det swinge - Bobbysocks (denne er fantastisk!)
  • Hot N Cold - Katy Perry
  • When you're looking like that - Westlife
  • Poker face - Lady Gaga
  • What a feeling - The Workout Heroes (fengande namn)
  • I was made for lovin' you - KISS
  • Stao no pao - Olav Stedje
  • Jai ho - A.R. Rahman
  • When love takes over - David Guetta & Kelly Rowland
  • Indigo - Moloko
  • I'm so exited - The Pointer Sisters
PS! Ingen av desse songane egnar seg som dagens andakt.