torsdag 4. mars 2010

Kristenmote

Eg tykkjer det er veldig spanande å følgje meg på korleis det er in å snakke i kristen-Noreg. Eg hugsar då eg reiste på ungd.sk og alle sa "konge!" til alt som var bra. No har eg merka meg ein ny tendens som dreier seg om ordet "fin". Eg har brukt det mykje sjølv, men no merkar eg at eg byrjar å gå litt lei. Fine vennen, fine båten, du er fin, fine dagen, fina (ikkje minst), fine festen, fine sola osb osb. Når ein seier "fin" mange nok gongar etter kvarandre så blir det i grunn eit ganske rart ord. Fin, fin, fin, fin, fin, fin. Til slutt byrjar ein å lure på om det faktisk er eit ord.

Så eg takkar for meg. Fine avgjerdsla. No må eg ut på leit etter nye adjektiv.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hello,
I have developed a new clean web 2.0 wordpress theme.

Has 2 colours silver and blue, has custom header(colour or image).
I am curently working on it, so if you have suggestions let me know.

You can view live demo and download from here www.getbelle.com
If you found bug reports or you have suggestions pm me.
Wish you a happing using.

many thanks to [url=http://www.usainstantpayday.com/]USAInstantPayDay.com[/url] for paying the hosting and developement of the theme

DikeKilkfoeks

Karina sa...

Haha... Så sant, så sant! Eg har faktisk tenkt tanken sjøl ;) Fin blir liksom brukt om alt, og når en egentlig ville brukt det, passe det ikkje fordi det e oppbrukt liksom... MEN...Det e FINT vær, og FINT å være ferdig med eksamen! Gratulerer med det, du!