mandag 8. mars 2010

Når stormen stilnar

I helga reiste eg til den finaste plassen eg veit om på jord. Eg fekk kvile meg litt mellom fjella i Balestrand. Med folk som er glade i meg, med folk eg er glad i, med stillheit, med ro, med latter, med tårer, med glede og med inderleg sakn. Ein på jobben min sa at for menneske er heimplassen ein ladar, og eg seier meg samd. Det å kunne sitje og sjå ut av eit vindauge der ingen ting rører seg utanom fergene. Det er så stille at du kan høyre stilla. Då merkar eg at kreftene kryp inn i kroppen, sakte men sikkert. Ta dykk tid til å berre lytte til stilla. Vakrare musikk skal du leite lenge etter.

Eg fekk berre litt over eit døger ved mine rennande bekkjer, men det var nok til at røtne fekk tatt opp litt næring. Tankane gjekk lett frå eksamen som venta når eg sto og såg opp på fjella og tenkte at Gud som har skapt desse, han har òg skapt meg og elskar meg. Då vert det brått ikkje så viktig med eksamen.

I dag vart eg forresten ferdig med eksamen. Mange sa at det ikkje var lurt å reise vekk helga før eksamen, men for min del var det det beste eg kunne gjere. I tillegg fekk eg sjå ein over gjennomsnittet god revy av Sygnaruss 10. Dei var verkeleg flinke, og eg lo stort sett heile tida.

Det var litt vemodig å kome attende til Oslo når søndagen kom. Ein seier at graset alltid er grønare på den andre sida. For min del er graset alltid grønare i Balestrand, og eg gler meg til å reise attende ein tur når graset faktisk er grønt.

Ingen kommentarer: