Klokka er 22.30 og eg sit på rommet mitt på Sygna med fysikkbøkene på pulten. Lettare oppgitt ser eg at klokka byrjar å nerme seg leggjetid, og prøven er dei to første timane i morgon. Det bankar på døra, og nokon kjem inn. "Æh... Har du.. har du lest my'?". Runar står henslengt i dørkarmen og klør seg i håret, oppgitt over at Ellen har lest sidan middag og at han gjekk på treningsrommet. Det er den gode gamle kvelden-før-prøve-frustrasjonen som alltid endar opp med at han må klappe meg litt på skuldra og sei at eg ikkje kjem til å stryke, og eg må sei at det gjer ingen ting at han gjekk og trente, for han kunne stoffet så godt allereie. Det var ikkje store sorgestunda, men berre at han stakk innom døra gjorde alltid den elles så håplause kvelden litt lysare.
Klokka er seint, og Hege Johanne, Arve og eg sit og spelar buzz. Vi har ete alt for mykje sjokolade og drukke alt for mykje brus. Vi burde vore i seng for lengst, vi burde ikkje ete så mykje sjokolade, vi burde gjort lekser, burde burde burde. Men i kveld ler vi og er god-kvalme av sjokolade, vi er unge og dumme og er glad i livet.
Klokka er grytidleg og eg er på veg opp på fjellet. Opp på Tveitevarden før sola har stått opp. Lukt av morgon, dogg i gras, ingen bilar på vegen, fuglekvitter, godt selskap, verda søv og livet er herleg.
Ta fram minnene dykkar når dagane blir grå. Send ei melding til dei de delte opplevingane med, minn personen på den fine dagen og gle dykk saman. Livet er for rikt til å bli nedtrykt av kvardagen.
Ta vare på minnene, og del dei!
2 kommentarer:
aww.... :)
Du Ellen, du Ellen. Ei kjelde til kunnskap og høgt blodtrykk :)
Legg inn en kommentar