fredag 29. august 2008

Tatt helg, ja

Eg trur eg har tatt helg. Det er ein time att til middag, men eg trur at eg allereie no har tatt helg. Det er stille og fredeleg på miljøkontoret i dag. Sven sit og lagar bibelgrupper. Svak musikk frå laptop og lyd av mopping i bakgrunnen. Og så meg då, som sit her og gjer ingen ting. Hehe. Akkurat i dag er det ikkje så veldig slitsomt å vere miljøarbeidar.

Onsdag starta koret opp, og det var heilt fantastisk! Eg digge koret. Det var mellom 50 og 60 stk som kom, og stemninga var heilt konge. Les forresten sak om koret på sygnasidene viss du har tid til det.

I morgon reiser eg ein tur innom Bergen, og det gler eg meg stort til. Mi kjære venninne, Johanne, skal gifte seg, og då må ting fiksast. Eg er så heldig å få vere med og hjelpe ho med litt. Ja, eg må tidleg opp for å ta båten, men det er verd det, så absolutt.

I kveld er det ope hus hjå meg frå 20.00 og utover. Velkomen alle saman! Eg har berre sånn ta-ei-teskei-med-pulver-opp-i-kokande-vatn-kaffi, men det får de berre leve med. Jepp. Tanken som tel.

Eg har forresten flytta, sånn på papiret. Mi folkeregistrerte adresse er no i Balestrand. Ok, no må de ikkje tru at eg har flytta hit for godt, for det har eg ikkje. Til neste år blir det nok Oslo igjen, men enn så lenge har eg flytta til Balestrand.

Eg søv i vannseng i huset mitt, og det er ganske spanande. Eg ligg der og skvulpar meg i svevn. Elles har eg vore flink til å vaske huset mitt. I dag er det badet sin tur, og det skal bli skinnande reint. Så sånn er det.

I dag er det seibiff til middag. Eg jublar ikkje for det, men det er no mat. Trur kanskje eg skal ta meg ein tur på butikken seinare i dag. Kanskje eg skal bake? Hmm.. Det hadde vore spenstig av meg.

Elles gler eg meg til Per Inge kjem på besøk om litt mindre enn ei veke. Det blir glede og jubel, det!

2 kommentarer:

Karen Marit sa...

Du har lov til å ta helg da:)

D brukte vi ofte å gjøre også:)
Noen ganger gikk vi opp på kjøkkene, tok oss mat, satte oss ved et bord, venta litt å så opna vi opp dørene til ulvene.

Visst ikke...plagde Solbjørg litt før middag. Skrotet på arbeidslistene hennes. Hun har mange lister.

Så artig å høre at det var mange som kom på korøvelse! Håper alle og flere kommer neste gang:)

Ha ei fin helg!

Johanne Pauline sa...

TAKK for all hjelp! Du er så god, astrid!