søndag 31. august 2008

Morgon-Astrid

Denne helga har eg måtta omstille døgeret litt og stå opp tidleg. Vanleg vis ville det vore grusomt for meg, men når det er noko kjekt ein står opp til, så går det bra. I går var eg med mi kjære venninne Johanne som skulle finne seg brudekjole ++. Det klarte ho med glans, så den er i boks. Vi var i grunn ganske effektive. Når ein er i Bergen er det stor "fare" for å møte på kjentfolk, og eg møtte mange. Von-reunion i Salem for å nemne noko. Herleg :)

I dag sto eg igjen opp tidleg for å ta båten tilbake til Balestrand, og no sit eg her på miljøkontoret og slappar av littegrann. Bakken opp til Sygna er tung altså!

Det er i grunn kjekt å reise mykje, for då får ein god tid til å tenkje. Eg har tenkt mykje medan eg har reist. Tenkt på at Per Inge kjem på besøk snart, koret, Per Inge, møteveka, Per Inge, andakten eg skal ha neste torsdagsmøte, Per Inge, det å vere miljøarbeidar, Per Inge, at eg er god til å ha godtefri, Per Inge, bryllupet til Johanne og Torgeir, Per Inge, saldoen min på kontoen (sukk), Per Inge, at eg må slutte å ha klea mine i eit soverom og sove i eit anna soverom, Per Inge, julegåver, Per Inge, Jesus, Per Inge og det meste anna ein kan tenkje.

No skal eg ned i huset og pusle litt og dusje. Det blir digg. Vonar alle har ein god sundag!

2 kommentarer:

Power Up Love sa...

I invite you to www.PowerUpLove.com a community of real people sharing real stories about how Love has really impacted and change their lives.

Johanne Pauline sa...

Hihi.. Eg tenker òg en del på bryllupet!:)