torsdag 3. juli 2008

DagenMagazinet!

Jess jess, då var vi i gang med sommarjobb. Nett no sit eg i huset i Hamar. Per Inge er på Pinsestevne på Hedmarkstoppen og sel aviser. Kvifor jobbar ikkje eg? Er eg lat? Likar eg ikkje sol? Likar eg ikkje å jobbe? Eg elskar sol, eg diggar salsjobb, men eg har blitt sjuk og klarte ikkje vere på jobb i dag. Feber, vondt i halsen, slapp osb osb. Du veit vel korleis det funkar. Men heldigvis har eg snille Per Inge som lagar middag og jobbar for harde livet.

Eg ser no at eg har gløymt å skrive om spania, men det er i grunn ikkje så mykje å sei om den turen enn at eg vart lei av å sole meg. Det gjekk i soling, soling, soling. Jaja, eg vart i alle fall brun, men det spørs kor lenge den fargen vil halde.

Etter Spania var det sommartreff neste. Det var samla om lag 70 deltakarar på Kongshaug, og det var ei kjempeveke. Snillare ungdom kan du leite lenge etter. Eg fekk mykje andeleg (Wenche Lunde er ei fantastisk dame), og eg fekk ein liten forsmak på korleis det blir å vere miljøarbeidar på Sygna. Det blir BRA!

Før Per Inge og eg la ut på vegen med vår feiande flotte leigebil, var vi tre dagar i Knarvik og slappa av der med god mat, familieselskap og shopping i fantastiske Knarvik Senter. Stine og Helga hadde bursdag, så det vart litt småfeiring til glede for store og små.

Og no er vi altså i gang med ein storslått salssommar som skal bestå av kristne stemner, salstriks, DagenMagazinet, køyring, kjentfolk og Jesus. Eg er kjempeheldig som har fått denne jobben og håpar eg kan fronte avisa på ein god måte. Og det at eg får vere så mykje med Per Inge trekk ikkje akkurat ned!

Eg har eit artig bilete eg skal leggje ut her når eg finn ut korleis eg overfører ting frå mobilen min til dataen til Per Inge. Føler meg litt blond no men ja.. Vent i spenning! Snakkast!

2 kommentarer:

stokke sa...

Du har NM i å ha mest mulig blogger. Summarsblogg, vidergåande blogg, helgeblogg, bloggblogg:)

Magnus

Astrid sa...

Hehe, forandring frydar! I tillegg, etter alle mine foredrag om anfektelse og helliggjørelse opp gjennom åra, så har eg fått ein stor trang til å kategorisere ting, og dette har ført til at bloggane blir skifta så hyppig ut. Hehe.

Astrid