lørdag 12. juli 2008

Dyrskuplassen


Ja, då sit eg inne i den såkalla husdyrhallen på Dyrskuplassen i Seljord. Snart brakar det laus med dagens kveldmøte her på årsstemnet til Maran Ata. Det er med andre ord fest og glede, sang, halleluja osb. For meg som har vakse opp i NLM der det nokre plassar blir sett på som demonstrasjon viss ein står under lovsongen, er dette noko heilt nytt for meg. Til tider kan det blir litt voldsomt for min del, men det er herleg å sjå korleis folk klarar å gløyme dei som står rundt og berre fokusere på Gud. Trur eg (og mange andre) har noko å lære der. 

No kom Per Inge akkurat inn døra, og han har ild i blikket, for han har vore på do. (Der skulle eg eigentleg skrive noko anna, men det var visst litt hemmeleg i forhold til bryllaupet vi skal i neste helg.) 

Seljord skal visstnok vere eit ferieparadis, og det er det av og til. Her om dagen bada vi med sjøormen i Seljordvatnet, og det var kjekt. I forgårs tok vi med oss sjøormen på fjelltur, og det var herleg. Eg likar veldig godt å gå på fjellet når eg berre først har kome meg ut. Elles går dagane med til volleyball, kubbespel, badminton, eting (mat er høgdepunkta på dagen), geni, quiz, simpsons, strikking, dagens bibellesing, møter og sjølvsagt sal av aviser. 

Jau. Då takkar eg for meg for denne gongen. Helsar frå Per Inge. 

2 kommentarer:

Siggy sa...

eting - det e høgdepunktet mitt og`! no skriv eg på bloggen din, for at ikkje alle so besøke min skal sjå dette; kistehistorien har i nyare tid (forrige helg) blitt fortalt meg ikkje va heilt sann. Det va nemlig ikkje oldefaren min som sa det, men ein ukjent x, viss nokon i det heile tatt. Det var meir som ein vits trur eg. håpa ikkje du vart veldig skuffa no. god ferie vidare! eg ska te baleby no!!=)

Solveig sa...

Kvar er de no? var så hyggeleg at du var min følgesvenn i bryllaupet! Hels peri! ;)