onsdag 21. mars 2007

Rotlaus

I dag har vi om dialektar i norsktimen. Desse spørsmåla sto på tavla:

1. Kva for eit dialektområde kjem du ifrå?

2. Sjå side x. Stemmer dialektmerka med deg?

Dialektmerker, rulle- r, skarre- r, palatalisering, tjukk l. Eg følar eg meg idenitetslaus, ein vestlending på flukt frå dialekt til dialakt. Eg klarar ikkje slå meg til ro med èin dialekt. Kva ligg bak? Det er kjent at dei fleste dialektar her i landet byrjar å bli utvatna, og fleire og fleire dialektar forsvinn inn i bymål. Eg er ein tilhengjar av å halde på målet, og eg likar ikkje denne utviklinga. Kanskje er blandingsdialekta mi eit desperat forsøk på å halde på dei dialektane som står i fare for å forsvinne. Eg prøvar å redde sognemålet, strilamålet og sunnmørsdialekten på ein gong. Eit redningsprosjekt som dette har ikkje ført til noko godt for meg. Eg har på ingen måte redda nokon av dialektane, men heller vore med på å påverke folk til å vatne ut dialekten sin

Faktumet er: Eg er ein knotar. Grøss og gru.


Fakta om Bjørkedialekta:

Bjørkedialekta opptrer nokre få plassar i Noreg, og er stadig på flyttefot. For tida finn ein dialekta i Bergen, Oslo og i Balestrand.
Bjørkedialekta oppsto i Balestrand på ukjend tidspunkt, men ein antar at den kom om lag for 25 år sidan.
Bjørkedialekta har ikkje spreidd seg mykje, og det kan kome av at tonefall og ordbruk er vanskeleg å imitere.
Bjørkedialekta er eit spesielt fenomen som førar til eit nytt fenomen. Etter 5 min konversering med ein person med Bjørkedialekta byrjar ein å lure på kor denne personen er frå.

Kjenneteikn:
- Rulle- r, men ein trur det naturlege er skarre- r
- Ikke
- Eg, meg, deg
- Ha'kke, få'kke, må'kke
- Veit, meine, seie, heile
- E- mål

Dialekta har alså fått element både frå nynorsk, bokmål, Bergensdialekt, Ålesunddialekt og Sognemål. Elementa med sognemål er det berre nokre av Bjørkedialektfolka som har.

Dialektprøve finn på på filmklippet lenger nede på sida.

Stor premie til den personen som klarar å imitere dialekta perfekt.

5 kommentarer:

Yngvegutt sa...

"Eg prøvar å redde sognemålet, strilamålet og sunnmørsdialekten på ein gong."

Prisverdig tiltak. Men lat meg oppmode deg til å fokusere på strilamålet i første omgang :-)

Ingar T. Hauge sa...

Du tror du har herpa dialekt? Prøv å bo vokse opp utenlands, ha slekt på både Stord og Karmøy, og legg til ti års bo i Bergensområdet.

Oss to sa...

Hallo hallo

Ken er det som ikke har sognemåli dialekta av oss? Eg trudde alle hadde det,eg. Ellers blir det jo ikke Bjørkedialekt...

Astrid sa...

Hei Åshild!

Hmm.. Jo, stemmer, du har jo eit poeng. Men eg føler at det nesten berre er meg og Helga som har a touch av sognedialekt igjen. Men.. Eg er litt usikker. Eg trur kanskje det vart litt feil av meg å skrive dette, for det er som du seier noko av det som kjenneteiknar Bjørke- dialekta.

Siggy sa...

LOL!! E good å kjempe for særteikna i dialektar ved å blande dei saman og kjempe for fleire samstundes. Særs kreativt. Synes du må byrje å tenke på Fedje-dialekta også, ingen over, ingen ved siden av. "Kankje du gå ne` i nøste å plokka skråma or gaddne?" E det ikkje vakkert?