tirsdag 20. mars 2007

Sogn avis sin kommentar til russerevyen:

http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article2663143.ece

Gå inn på den linken.

"...alt i alt kan dette russekullet slå seg på brystet og skryta av å ha levert ein av dei beste revyane så langt i russerevysoga i Balestrand."

Slik oppsummerer Sogn Avis sin kritikk av årets russerevy.

Eg fekk frysningar :)

I dag lagde vi tankekart i religionstimen. Det svei i den høgre hjernehalvdelen min. Eg er så absolutt ikkje laga for å vere kreativ. Men det var sikkert lærereikt for dei som fekk det til, så sånn sett var det jo greitt nok.
I gymtimen gjekk eg og Maria opp på utsikten. Det var heilt fantastisk nydeleg! Sola skein, det var snø på fjella og fjorden var heilt blikkstille. Å Vestland, Vestland, når eg ser deg slik!

No trur eg at det er på tide å dusje, deretter skal eg rydde rommet og så skal eg lese historie. Ikkje ein alt for kjekk dag, men slike dagar må til, det er det ingen tvil om.

Eg gler meg til sommaren! Litt lei av snø.

1 kommentar:

Anonym sa...

[B]NZBsRus.com[/B]
No More Crawling Downloads Using NZB Downloads You Can Easily Find HD Movies, Console Games, Music, Applications and Download Them @ Maxed Out Speeds

[URL=http://www.nzbsrus.com][B]Usenet[/B][/URL]