tirsdag 6. februar 2007

Staden på jord: Balestrand

Balestrand er vinter på sitt beste. Folkens, det er så fantastisk nydeleg her! Har lyst til å ta bilete av alt mogleg, men eg har funne ut at det ikkje er mogleg å avbilete kor vakkert det er her. Det må berre opplevast. På ein annan blogg vart det spurt om kva som var det vakraste ein visste om og eg må sei at på mi liste ligg naturen i Balestrand høgt.

Eg har det utruleg bra for tida, og at det er så fint her gjer ikkje situasjonen dårlegare. Helsa er god, det går bra på skulen og eg har uturleg mykje å sjå fram til denne våren. I tillegg veit eg kva eg skal til neste år, så eg slepp å bekymre meg for det. Fjellhaug blir nok bra!

1 kommentar:

Ingar T. Hauge sa...

Velkommen skal du være!