mandag 12. februar 2007

Aha!



Eg sat her og tenkte på kva som skjer i livet mitt for tida, om det har skjedd noko nytt. Plutseleg kom eg på ein ting: Eg har byrja å spele bass! Det er grådig kjekt om eg får seia det sjølv. Eg går ikkje til lærar eller noko sånt, eg sit berre og klimprar litt for meg sjølv når eg har tid. Fram til no har eg berre spelt piano (og blokkfløyte), så eg har med andre ord slått meg litt laus.

Elles kan eg ikkje seia noko annan enn at eg har det utruleg bra. Har ikkje hatt det så bra på lenge! Litt stressande med russerevy og russeavis hengande over seg, men det ordnar seg nok det òg etter kvart. No skal eg skrive ein bokrapport og så skal eg på revymøte. Eg gler meg!

1 kommentar:

Stine Elise sa...

Bytta ut fysikk med å spele bass? Bra du koser deg om dagen, og har det bra! Vert du med å gå tur ein dag? =)