onsdag 7. november 2012

I Etiopia

I Etiopia er det ikkje vanleg å gå med shorts. Det var eg så uheldig å finne på å gjere. Då kom det ein liten gut bort til meg. Der vart han ståande og le og le. Så tok han meg på låret. Deretter lo han enda litt til før han gjekk vekk, fortsatt med latterkrampe.

Ein annan kalla meg for sporty spice då eg kom gåande med shortsen. Det tok eg som eit komplement. Tru om han faktisk visste at eg har jobba på Spice? Men gleden over å vere sporty varte ikkje lenge. Berre nokre minutt etterpå ropte ein unga "CHINA!!" til meg då han såg meg. Frykteleg frustrerande var det, for det ordet kan jo tolkast i alle moglege retningar. Såg eg kinesisk ut? Hadde gultonen i huden min (som absolutt er der) kome fram? Eller var eg så bleik at beina mine såg ut som porselen? Eller var det auga mine når eg smiler han sikta mot? Vanskeleg å vite.

I Etiopia hadde eg faktisk barnetekke!

Ein treng forresten ikkje gå med shorts for at folk skal rope etter deg. Ordet "ferrenches" blei vi ganske van med å høyre etter kvart. Det betyr ikkje at ein er kvit, men at ein er raud. Vi er nemleg rosa i huden. Og dette ropte folk i tide og utide. For all del, godt å vite at ein er sett og lagt merke til.

I Etiopia må ein berre bli van med ufrivillig fysisk kontakt. Der køyrer ein nemleg for det meste rundt i taxiar type blå gammal lada. Dei var av særs varierande kvalitet. Nokre gjekk fint, andre gjekk såvidt framover. Men når ting er billig nok kan ein leve med det meste. Det skal seiast at ein må betale meir når turen har mange oppoverbakkar, men det er jo forsåvidt logisk.

Det var overraskande få dyr å sjå i Etiopia. Det var så få at dei som var der hadde namn. Vi køyrte om lag 1 time for å sjå nokre av dei. Med blå liten taxi. Heldigvis hadde sjåføren cd med Teddy Afro. Då gjekk turen litt lettare. Dyra vi såg på budde ein stad som heiter "Born free". På mange måtar eit artig konsept. Dei var born free, men måtte leve resten av livet i fangenskap. Logisk? Tja. Men dei såg ut til å ha det ganske ok der dei budde.

Foto: Martin Andreas Lehre

 Det var ikkje alle i Etiopia som var like habile i engelsk. Inkludert meg og dei eg reiste med. Då vi var på Born free spurte Martin kva dyr som var innanfor det eine gjerdet. Det var altså ein gepard. Då såg sjåføren lenge på dyret, før han svarte: "It is dog".

 Foto: Martin Andreas Lehre

Vi lærte han at gepard på engelsk var "cheetah". Då vi spurte han på slutten av dagen kva dyr han likte best, svarte han: "The teacher". Då måtte vi le litt.

Sjåføren, Martin Andreas, meg og Eivind. 
Lars Magnus tok bilde.

Her såg vi på ein ape. 
Den likte ikkje meg fordi eg var jente.
Foto: Martin Andreas Lehre

Om eg ikkje fekk sett struts eller vortesvin, så fekk eg ridd på hest opp på eit fjell. Gutane fekk muldyr. Kvite jenter blir generelt behandla veldig bra i Etiopia, så det var jo stas.


 Her er Lars Magnus med muldyret sitt. 
Føraren hans viste seg etter kvart å vere ein habil fotomodell.
Han sneik seg nemleg med på dei fleste bileta.
Foto: Martin Andreas Lehre

Interessant å sjå naturen frå hesteryggen. Det var i alle fall kjekt ei lita stund. Deretter vart eg sitjande og tykkje synd i hesten min, som etter kvart vart så varm at eg trudde at både eg og han skulle smelte. Men eg fekk ikkje lov til å gå, så eg måtte sitje fint på hesten til vi kom til ein rasteplass.

Den siste biten opp til fjellet måtte vi gå, og det å gå i fjellet er ei oppleving i seg sjølv i Etiopia. Både Addis og Lalibela ligg 2400 moh, så pusten er ikkje like samarbeidsvillig som i Noreg. Eg merka heldigvis ikkje så mykje til det som eg hadde frykta (eg hadde sett for meg ekstreme astmaanfall og seriøs andenaud).

Her er vi i gang med fjellturen.
1 stk hest og 2 stk muldyr. 
Martil lurte fælt på om hestane og muldyra visste at dei var ulike.


Martin hadde forresten blitt til Bartin.

Vi kom omsider til toppen av fjellet.
Fantastisk utsikt, så fin at vi måtte leike krokodiller.

Muldyret, Astrid og hesten.
Turen til toppen gjorde at eg har fått ein enorm sympati for 
Maria som måtte ri høggravid til Betlehem. 
Snakk om ekstremsport!

 Å ete injerra 8 gongar på ei veke er ikkje til å forakte. Det har no kome opp på topp 10-lista over mat eg er mest glad i. På den lista er mellom anna pinnekjøtt, wienerpølser og nutrilett dark chokolate. Injerra er altså ei grå lefse som liknar på ei godt brukt kjøkkenklut. Denne et ein saman med kjøt, saus og grønsaker av ulikt slag. Himmelsk godt!

Kosar seg!

Eg innsåg at det er mange fordeler ved å reise på tur med berre gutar. Det er berre eg som blir furten når eg blir for svolten. Gutar er stabile i humøret og blir som oftast fort samde om kva ein skal finne på. Dei et meir enn meg, som gjer at eg kan ete litt meir med godt samvit. Dei klarar heller ikkje sitje på golvet med beina i kors, noko som gjer at eg ikkje føler meg fullt så stiv og ufleksibel.

Martin gav meg følgjande utfordring: "Du skal få 30 birr (10 kr) hvis du går bort og tar et bilde av de gutta". Det gjorde eg, berre sjå her:


For dei 30 birra kjøpte eg meg ein CD av Teddy Afro. God stemning!

Den einaste ulempen ved å vere einate jente på tur var at eg vart sjåande ut som ein dverg på alle gruppebileta. Men det kan eg leve med.

 Triks for å ikkje sjå ut som ein dverg: Sitje på hest.

Forresten! Etiopia har ei anna tidsrekning enn vi har her i Noreg. Det betyr at året er 2005. Eg fekk vere 16 år for ei veke. Det var stas. Merka ikkje stor skilnad eigentleg.

Vi avslutta fredagen med å ete injerra, drikke kaffi, ete sjokolade og spele kort på taket av hotellet vi budde på. For eit deilig liv!


Det var verkeleg ei god veke som eg kan leve på lenge, og som eg kjem til å sjå tilbake på med stor glede. Alle må oppleve Afrika ein eller annan gong i løpet av livet.

No er eg attende i Bodø til kvardagen. Det er ikkje fullt så kjekt som Afrika, men det går greitt. Har fått piggdekk på sykkelen i dag, så no kan eg endeleg sykle igjen utan å føle at eg driv med ekstremsport.

Gler meg allereie til neste gong eg skal ut på eventyr!

Heilt til sist - det beste biletet frå heile turen. Finn ein feil (evt finn ein som har stort potensiale til å bli fotomodell):



Takk for meg, Etiopia!

Ingen kommentarer: