mandag 15. oktober 2012

Planar i vasken

Eg må innrømme ein ting. Eg har byrja å drikke kaffi. Eg drikk det nesten kvar morgon når eg er på jobb. Lagar det aldri sjølv heime, men drikk når eg får tilbod om det. Er ikkje avhengig, men syns det er heilt ok med noko søtt "attåt". Kven skulle tru dette? Eg har alltid sagt at eg aldri skal byrje å drikke kaffi, men sånn vart det altså.

Fleire ting har ikkje gått som det skulle. Eg skulle jo ha langt hår. No har eg hår som såvidt rekk ned til skuldrene, så den planen gjekk òg i vasken.

Eg skulle i alle fall ikkje utdanne meg til noko innanfor helsefag. No er eg turnusfysioterapeut, og føler absolutt at eg er på rett spor. Så heller ikkje dette vart heilt som eg hadde tenkt, positivt meint.

Eg skulle slutte å vere så glad i sjokolade. Det har i alle fall ikkje gått etter planen. Men det er i grunn heilt ok.

Eg skulle kjøpe meg leilighet. Men det vart ikkje så lett, sånn med tanke på at eg studerte i to ulike byar, skal ha turnusteneste i to ulike byar, og mest sannsynleg må flytte hit og dit før eg finn ein fast jobb. Så den planen må eg nok legge på hylla for ei stund.

I livet er det mange ting som ikkje går etter planen, mykje meir enn det eg har nemnd over. Vi likar nok alle å ha ein viss kontroll over framtida, men faktum er at den kan aldri planleggast ned til minste detalj. Noko vil alltid gå i vasken. Slik er det berre.

Men det eg har erfart i møte med draumar som har gått i vasken, er at det har vist seg at det ligg noko betre på lur og ventar. Difor kan eg med ganske stor sikkerheit seie til meg sjølv at "ein dag kjem eg til å vere glad for at dette skjedde", når dei tunge dagane (som vi alle har) blir noko overveldande.

Eg kunne aldri vore forutan alle draumane som har gått i vasken. Dei har vore med på å forme den eg er i dag. Dei gjer at eg kan møte menneske i vanskelege situasjonar med ei viss erfaring. Ikkje det at eg kan forstå andre sin situasjon, men eg kan i alle fall vite noko om korleis sorg, sinne, frustrasjon og skuffing kan opplevast.

Draumar og tankar er gode å ha, men eg ser meir og meir at det er viktig å sjå på dagen i dag. Kva moglegheiter har eg i dag? Korleis kan eg bruke dagen i dag på ein god måte? Korleis kan eg "make it count", som det heiter på godt norsk.

For ein når ikkje måla sine av å bli ståande fast i fortida. Ein når ikkje måla sine berre ved å ønskje eller lengte. Ein når draumane sine ved å tore å setje den eine foten foran den andre, sjølv om ein ikkje anar kvar vegen går. Det er berre slik ein kan gå vidare.

Eg anar ikkje kvar livet vil ta vegen vidare no. For første gong i livet har eg ikkje planar meir enn 10 månader fram i tid. Då er eg ferdig med turnustenesta, og livet går over i ein ny fase. Men denne gongen skal eg ta ein dag om gangen, og vere her eg er, heilt til eg må gå vidare.

Morgondagen får uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.... og glede!

1 kommentar:

Ingrid sa...

Gårsdagen er fordi, morgendagen har ingen sett. I DAG hjelper Herren!