onsdag 14. mars 2012

Ny æra

   
Livet mitt er inne i ein ny fase, og bachelorskrivinga er i gang. No er problemstilling sett, arbeidsform er veld, og orda tikkar inn på datamaskina. Det er i grunn særs befriande å jobbe så sjølvstendig, og å kunne legge opp arbeidsdagane sjølv. Takk og lov for at eg er glad i å skrive!

Eg har ei kjensle av at eg må få bytta ut stolen de ser på biletet, men utanom den så er eg godt nøgd med arbeidsplassen. Utsikt har eg òg, men den er ikkje så veldig spanande. I alle fall ikkje når veret er som det er under.
 


Dette biletet er tatt med min fantastiske iPhone på ein av mine favorittbruktbutikkar i Bergen. Den ligg i nærheten av Bryggen, og er så full av ting at ein nesten druknar. Nokre plassar ligg tinga stabla så tilfeldig opp i haugar at ein nesten ikkje tør å bevege seg i fare for at alt skal ramle ned. Det er i grunn eit under at eg klarte å finne noko eg ville ha, for eg klarte nesten ikkje skilje ting frå ting. Men eg fann meg altså ein ny trekasse frå "Stavanger Tinfabrikk". Den gløymte eg å ta bilete av, så det får eg vise etter eg har henta den i morgon. Hadde ikkje pengar til å betale alt på ein gong, høhø... Det kostar å skulle reise til Bali.

Men kasse eller ikkje kasse. Det er på tide å gå attende til skrivinga. Kunnskapen skal aukast!

Ingen kommentarer: