torsdag 15. mars 2012

Kasse nr. 3

 
Her er den nye kassen min. Den er gammal og sikkert råtten, men det gjer ingen ting. Eg klarar å leve med den uansett, og Gunhild har ikkje luktesans. Det funkar som berre juling. Biletet fekk eg forresten av Ragnhild Sofie ein gong, og fungerar som dagleg oppmuntring og estetisk innslag i min kvardag.

 
Eg har eit stort ønskje om å kunne lage eit eller anna hylle/reol/hyllereol-liknande møbel samansett av gamle trekassar. Dessverre var eg ein av dei som aldri gadd å gå ned på fruktpakkelageret i Balestrand og hente meg gratis eplekasse, så eg har berre ein eplekasse frå Balestrand, og den har eg knabba av søstra mi (Ingrid). På grunn av denne latskapen har eg ein stor jobb framfor meg med innsamling av kassar. Dei har nemleg blitt både dyre og sjeldne, så lenge leve tålmodet.

Kasse nr. 2 har eg skrive om tidlegare på bloggen. Den fann far Madland på Tau, og har tidlegare vore brukt som rugekasse i den tida Kristoffer og Simon dreiv med tropefugloppdrett og hadde høner. Det er heldigvis nokre år sidan, men Kristoffer drøymer den dag i dag om å eige ein papegøye. Her er utdrag frå ein samtale vi hadde om dette:

K: Eg har så lyst på ei papegøya.

A: Javel, ka skal du med den?

K: Ha den i hagen vel! I eit bur. De klare å var ute om vinteren òg.

A: ...

K: Eg kan ha den i hagen, og så kan eg sitta og sjå på den. Og så kan den få ungar, og så kan eg sitta og sjå på de.

A: ?!

K: Ja, at de vokse seg større for kvar dag som går.

Då eg var i praksis i 1. klasse var det ein pasient som åtvara meg som om det sto om livet at eg for all del aldri måtte få meg papegøye, for den var berre til bry. Eg stolar mest på pasienten merkar eg. Men først først og fremst har eg fått meg trekasse og er lykkeleg for det.
 

Ingen kommentarer: