lørdag 28. januar 2012

Sjukehusulempar

Det er mange fordelar ved å jobbe på sjukehus. Ein fordel er at pasientane som oftast ikkje er klar for å ta inn over seg fysioterapi før to timar etter ein kjem på jobb. Det betyr at ein har rikeleg med tid til å lese journalar, jobbe med bacheloroppgåve, eller le av alt mogleg fordi ein er så trøytt. Eg har til og med slått meg laus og drukke kaffi nokre dagar. Det er særs ulikt meg, men av og til må det til pga overjordisk trøyttheit. Sånn går det når ein drøymer kvar natt at ein har pasientar, og ein vaknar med panikk over at senga ein skal bruke ikkje er elektrisk. For senga mi i leiligheta er ikkje elektrisk. Det er ei heilt vanleg rammemadrass frå IKEA. Meir har eg ikkje råd til. Eventuelt var det den eg fekk knabba med meg frå huset til mamma og pappa. Det er forresten solgt, og vi skal flytte til Seim, tilbake til Rydlandsgarden. Eller gard og gard. Det er i alle fall ei løe over vegen. Men den er onkel sin når eg tenkjer meg om. Anyway: Det er mange fordelar ved å jobbe på sjukehus, men jammen meg er det ulempar òg. Det fekk eg til dømes merke i går. Då brukte eg nemleg heile ettermiddagen og kvelden på å spy. Slike ting spreier seg som ild i tørt gras, og eg tok visst villig imot. Heldigvis er det over, og eg kjenner meg i grunn tipp topp. Eg har visstnok avlyst treninga eg skulle på i morgon, men det skulle berre mangle. Eg er sikkert smittebærar enno.

Noko som er utruleg digg med å vere ferdig med spysjuka er at ein kan ete det ein har lyst på og drikke så mykje ein vil utan å vere redd for at det skal kome i retur. Døme:


Oreo er forresten ein av mine favorittar når det gjeld nattmat. Men øvst tronar nok sjokolade. Og mjølk (Før eg korrekturleste sto det mjøl. Det er ikkje fullt så godt. Godt eg fekk retta opp i det, for viss ikkje er det sikkert nokon som hadde syns eg var rar). Får vatn i munnen av å tenkje på det. Men apropos sjokolade så har eg faktisk klart å innføre laurdagsgodt. Eller helgegodt. Det betyr at eg ikkje et sjokolade i vekedagane. Det er bra på mange måtar, men det beste er at det smakar ekstra godt når eg ikkje får smake det så ofte som eg tidlegare har gjort (kvar dag, ja, eg innrømmer det).

Elles har eg vore på konsert med Marit Larsen. Terningkast 6. Ho syng like bra som på cden, og det var eit fantastisk lite orkester ho hadde med seg. Samspelt, dyktige. Og som toppen av kransekaka sang ho alle songane eg håpa ho skulle synge. Så det var ein flott kveld!

Eg avsluttar dette innlegget med å dele ein fantastisk augneblink. Dette er niesa mi Hanna som fann ut ein dag at ho skulle ta ei bleie på hovudet. Vi lo godt. 


NO er det helg, og i morgon er det sjokoladedag. Halleluja!

2 kommentarer:

Renate sa...

Du har ein kjempe morsom og koslig blogg Astrid =)

Astrid sa...

Å, tusen takk Renate! Kjempekoseleg med tilbakemeldingar :) Og så kjekt at du les den!