onsdag 4. mai 2011

Pendlar med nye sko

I skrivande stund sit eg på biblioteket på skulen. Eigentleg er eg godt i gang med å skrive ei oppgåve som skal inn, i følgje mine planar, i løpet av dagen, men eg kjente at trangen til å gjere noko anna vart stor. Og folkens, det er til dømes dette ein har blogg til. Når ingen andre vil høyre på kor keisamt det er å sitje å skrive oppgåve, då kan ein uttrykkje sin store misnøye på verdsveven, samstunde som ein får oppdatert folk på kva ein gjer på om dagane. Det kallar eg ein vinn-vinn situasjon.

Eg har offisielt blitt ein pendlar, og eg må sei at eg har i grunn ikkje så mykje imot det. Å sitje på bussen er trass alt ein kjempegod moglegheit til å berre la tankane fly, og det trur eg at vi alle har godt av å gjere av og til. Å flytte inn igjen på barnerommet i Knarvik har gått overraskande knirkefritt, trass det faktum at eg har tidenes skittentøysdunge å tråle meg gjennom dei neste dagane. Men det er vel berre å byrje i ein ende, så kjem ein plutseleg i mål. Rart med det.

For tida går det mykje i oppladning til 17. mai. Denne dagen kjem til å bli ekstra kjekk i år, med tanke på at vi i Gospel Bergen skal ha konsert i Johanneskirka. Det er det årlege høgdepunktet for koret, og vi gler oss stort. Det er mykje som skal planleggjast, og mykje som skal øvast inn, men eg har stor tru på at det blir både bra og kjekt. Det er ei fantastisk kjensle når ein merkar at koret endeleg byrjar å få taket på songane. Då er det glede i hjartet.

Elles er det ikkje så mykje nytt å melde. Eller jo, det er det. I går var eg på nok ein tur på fantastiske Löplabbet. Sidan eg skal springe halvmaraton, fann eg ut at det var ein god unnskyldning for å få seg eit par nye joggesko. Dama i butikken var sjølvsagt heilt enig, og vi sette i gang med leitinga på det perfekte paret. Det viste seg at det ikkje skulle vere så enkelt, men etter ein god time, gjekk eg lykkeleg ut av butikken med litt mindre pengar på kontoen. Skoa er utprøvd, og dei er ein draum å springe med. Dei veg berre 225 gram, og er med dette ikkje akkurat store byrdene å springe rundt på.

Så då er det altså desse to som skal hjelpe meg framover på vegen mot halvmaratonet:


Med andre ord - no blir det trening med skobytte, og det har eg ikkje gjort sidan eg gjekk på friidrett på ungdomsskulen. Blir ein kjekk vane å ta opp igjen.

Ingen kommentarer: