fredag 29. april 2011

Doktoravhandling om livet mitt den siste månaden

Ja, då var tida endeleg komen for ei solid oppdatering. Det er nesten ein månad sidan sist eg skreiv skikkeleg, og det blir for gale. Så eg tar med dette eit skikkeleg skippertak og skriv alt på ein gong. Det har vore reising den siste månaden, så internett og blogging har ikkje hatt den største prioriteten. Og det skulle det vel heller ikkje hatt akkurat no, for eg skal eigentleg pakke og vaske ut av leiligheta, men det får vente nokre minutt til. Dagane i St. Torfinns vei 27 er talde, og frå mandag av skal eg flytte heim på barnerommet i Knarvik. Skal flytte inn i ny leilighet frå hausten av, så då blir Knarvik mellomløysinga. Rydding, pakking og vasking for 6 året på rad kunne eg kanskje klart meg utan, men må det gjerast, så må det gjerast.

Det første eg har lyst til å fortelje om er turen klassen min hadde til Beitostølen. Der var vi ledsagarar på Ridderrennet, som er eit stort, internasjonalt skirenn for personar med funksjonsnedsettingar. Løpet vart starta først og fremst retta mot blinde og svaksynte, men no er det mange andre som deltek. Min deltakar var 20 år og køyrte sit-ski. Det kan kanskje sjå behageleg nok å sitje på ein slags kjelke og stake seg framover, men det kan eg avkrefte. Eg prøvde sjølv, og vart kjempesliten etter om lag 100 meter, så all ære til dei som går mil etter mil. Vi deltok i mellom anna skiskyting og 5 km-løp, og kom til og med heim med søljmedalje. Det var stas. Eg fekk verkeleg bryna meg på skiteknikk, og kan meddele at skigåing fleire timar for dagen i ei veke gav meirsmak. Det var i grunn berre utruleg kjekt. Og når ein reiser med ein fantastisk klasse, så set det heller ikkje noko dempar på stemninga. Så alt i alt - veldig kjekt. Eg hadde ikkje store forhåpningar om at det kom til å bli noko bra, men der tok eg grundig feil. Her er litt bilete frå turen som eg fekk frå Christine i klassen min:

 Camilla lærar Stine å hekle. Dei klarte seg bra begge to.
 Camilla, Eirin og Marita på klassefest, som var lokalisert midt i ein skibakke.
 Her er Stine, Christine og meg på veg opp skibakken.
 Vi åt og åt og åt heile turen.
 Garden var med oss heile veka, og korpset spelte til ALT som skjedde, så eg fekk litt overdose av korpsmusikk etter kvart.
Meg og Stine etter siste konkurranse. Vi starta tidleg og fekk gode løyper. Fryd og gammen!

Etter Beitostølen og skriving av eksamensmappe var det tid for påskeferie. Den byrja i Knarvik med nokre dagar på Safari, der folk hamstra i staden for å handle, og mange hadde tydeleg angst for å gå tom for mat i ferien. Deretter tok eg bussen til idylliske Ryfylke, meir presist til Tau for å besøke familien Madland (kanskje mest av alt Kristoffer). Då eg kom ned lurte eg på om eg hadde forveksla påskeferien med sommarferie, for det var så fint og varmt ute. Der lærte eg mellom anna å gå på slakk line, noko som eg har lyst til å gjere kvar dag for tida. Eg fekk prøvd med på kajakkpadling. Det slo òg an. Eg gjekk på Preikestolen for første gong i mitt liv, og eg tore til og med å sitje heilt ute på kanten. Det var langt ned. Eg kan òg meddele at kebaben på Tau er meget god. 1. påskedag fekk eg, etter mykje syting og klaging og overtaling, påskeegg av Kristoffer. Det var stappfullt av sjokolade, så det vart tomt ganske så fort, og måtte bli fylt på dagen etterpå. Så når eg til og med fekk sjokolade var påska så godt som fullkomen. Eg slappa godt av og hadde nokre veldig kjekke dagar. Minstemann Madland, Ingebjørg, sendte meg nokre bilete:

 Turfølgjet og eit mislykka forsøk på ta bilete.
 Sunn, norsk ungdom.
 Etter at vi hadde vore på toppen, grilla vi pøler på ein basecamp der Kristoffer jobbar om sommaren.
 Ufoane der leirskuleelevane blir oppbevart om natta.
Eg utfordrar min fantastiske motorikk i hinderløypa.

Heilt til slutt så må eg fortelje noko særs spanande. Godt jobba forresten, viss du har lest heilt ned hit. Eg har nemleg gjort noko som er på kanten til sprøtt. Eg har meldt meg på Oslo halvmaraton! 24 september er du velkomen til å kome og heie på meg. Så no er det fullt køyr med trening mot dette, og det er verkeleg god motivasjon for å ta på seg joggeskoa. Vi driv med obligatorisk 4x4-intervallar på skulen for tida, så eg får litt drahjelp der, men i sommar må eg klare meg sjølv. Satsar på at det skal gå bra. Motivasjonen er i alle fall på topp! 

No kallar banankassar og vaskemiddel på meg. Nyt våren, folkens!

Ingen kommentarer: