fredag 18. mars 2011

Og DER kan eg puste letta ut

Det var til Händel sitt Hallelujakor at vi køyrte ut frå Masfjorden for siste gong. Pappa var så snill at han henta Christian og meg. For ei lykke! Vi var mildt sagt veldig lei av å vere der.

No sit eg på rommet mitt i Bergen. Det er heilt reint og ryddig, og eg skal NYTE å sove her igjen. I morgon er det kursdag på Tonus rehabilitering, og frå måndag av er det skulebenken. Det ser eg veldig fram til.

Eg kjenner faktisk på ein aldri så liten lykkerus over å vere ferdig i praksis, og den skal eg nyte fullt ut. Og når den har gått ut skal eg nyte alt det andre gode livet gjev, og det er ein god del, det.

Ingen kommentarer: