onsdag 16. mars 2011

O utvask med din glede

Då var leiligheta i Masfjorden vaska så grundig som aldri før. Eg har verkeleg mobilisert alt eg har av husmorevner for å vere sikker på at eg ikkje må betale for utvask eller må kome attende for å vaske. Det einaste som gjenstår no er å ete ut av kjøleskapet og vaske dette.

Eg er ikkje så glad i å kaste mat, men eg må innrømme at eg ser ikkje heilt korleis eg skal få brukt følgjande matvarer i løpet av ein frukost og ein lunch: 6 egg, 1 lettyoughurt, 1 appelsin, brie, syltetøy, middagspølse, pesto, mjølk, pepsi max, leverpostei, prim, sana sol og smør. Men eg skal gjere så godt eg kan og prøve å vere kreativ.

I dag feira Christian og eg nest siste dagen ved å ete ute på verandaen for første gong. Det var såpass varmt at vi kunne sitje utan jakke, så våren er altså på veg. Christian fekk kloa i nokre heimelaga hjortepølser her om dagen som vi måtte ete opp. Dei smakte veldig godt til kålerabistappa mi. Ja, eg har faktisk lært meg å lage kålerabistappe her ute. Eg har faktisk lært meg å lage ein god del nye matgreier, og det er flott.

No gidd eg ikkje vere våken lenger, så då er det vel berre å finne senga på det nyvaska og heilt ryddige rommet. Siste natta i Masfjorden faktisk! Kva tenkjer eg om det? Jo, det er veldig, veldig greitt.

Ingen kommentarer: