mandag 7. mars 2011

Hyll hyll

Lenge leve sjølvutløysar!

 Eg vil, litt på etterskot, hylle Anders og Martin som kom på besøk til meg ein kveld her ute i Masfjorden. Det er fort gjort å seie at ein skal gjere litt sånne småsprø ting som til dømes å reise ut hit, men at det ikkje blir noko av det. Eg har i alle fall mange slike ugjorte prosjekt. Men desse karane gjorde det faktisk. Stilte opp med seigmenn og smørbukk, bibel, god humor og godt humør. Så igjen - takk! De gjorde dagen min lys og fin.

 Her sit vi i den vakre, gule stova og et sveler med alt du kan tenkje deg av tilbehør. Til og med rømme. Kan ikkje vere gnien når ein får så gjevt besøk, nei! Her skulle vi vere gangster. Syns ikkje Anders fekk det heilt til (han til venstre). Og kva den utruleg fluffy puta gjer i fanget mitt, det veit eg ikkje.

Og så litt reklame: Følg med på møteveka til iTro.no. Der blir det lagt ut ein andakt (filma), dagens lovsong og dagens bibelvers. Eg var så heldig å få reise til Oslo og spele inn tre av andaktane, og den første vart publisert i dag. Linken til dagens andakt er her.

Ingen kommentarer: