onsdag 9. mars 2011

Alt for helsa!


I dag opplevde eg tørr asfalt, glatt asfalt, regn, opphald, snø og hagl på ein og same joggetur. Var ikkje snakk om å spare på vêret i dag, nei. Men med rett musikk på øyrene og ei fantastisk rosa regnjakke som veg ca 2 gram så går det aller meste bra, noko de ser på biletet over (i tillegg til ein haug med maskara på avvege). Lurar på kvar eg skal jogge når eg kjem attende til Bergen. Kom gjerne med tips!

No er det berre åtte dagar igjen i Masfjorden. Det er jammen meg ikkje mykje. Det er faktisk på tide å byrje å tenkje på å pakke. Så det skal eg tenkje på nokre dagar til. Fin tanke.

Elles er det ikkje så mykje å seie i grunn. I morgon er yndlingsdagen i veka. Då er det eldretrim og gym med barneskulen, noko som er variert og veldig berikande på mange måtar.

Eller jo, det skjedde noko kjekt i dag. Christian kom inn etter middag med tidenes fruktfat. Det var veldig snilt og veldig godt. Har fått augene opp for ein heil del matgreier (rosiner, druer, ritz-kjeks, honning, skogsbæryoghurt) her i Masfjorden, og i dag fekk eg verkeleg sansen for melon. Det er ikkje det verste å få sansen for trur eg.

No er det dusjen, Bibellesing, rydding og soving. Flott dag!

Ingen kommentarer: