torsdag 27. januar 2011

A fortnight i ein volsom fart


Oi, skal sei. No har eg faktisk forsømt bloggen i to veker. Har eg vore på ein 2-vekers sydentur kanskje? I wish. Nei, det er nok berre Masfjorden sin latskap som har slått innover meg, særs hardt. Eg har rett og slett blitt ein smule tiltakslaus. Og når ein blandar dette med ein god del rangling i helgene (og litt i vekene), då blir det ikkje så bra. Mykje har blitt forsømt utanom bloggen, til dømes å rydde i kjøleskapet. Men i dag slo plutseleg energien inn over meg, og eg fekk rydda kjøkenet skinnande reint, vaska kle, rydda i kjøleskapet og laga vaflar (type litt sunn med mykje havregryn). Så når eg har vore ute og sprunge, skal eg leggje meg vel vitande om at eg har gjort noko nyttig for meg. Kanskje er dette ein heilt vanleg dag for deg, det kan godt vere, og då skal du få smile og vere godt nøgd med det.

Masfjorden har byrja å vise seg frå ei særs fin side. I går vart årets første bål brent, og det var flotte greier. Det har vore sol og is på fjorden, og då er det ikkje mange plassane eg veit om som er finare, sånn bortsett frå Balestrand sjølvsagt. Ok, eg skriv om vêret, men så det er faktisk noko av det mest spanande her ute, det vêret. Sånn er det å bu på bygda. Då går ein og håpar på sol og isfrie vegar.

Mange lurar på korleis det er å bu her ute, langt ute i ei bygd utan noko som helst å finne på utanom det ein finn på sjølv. Eg skal innrømme at det blir nokre dryge dagar. Men det er så mange fine òg. Første dagen eg kom inn i leiligheta etter jobb, hugsar eg at eg tenkte at eg måtte ete i ein fart og gjere meg klar til å gjere neste ting på lista. Men då kunne eg berre senke skuldrene, for det var jo faktisk ingen ting eg måtte gjere. Og sånn er det kvar dag, hehe. Eg tenkjer som så at ein dag kjem eg til å sakne dette, når eg plutseleg har aalt for mykje å gjere på. Så eg skal nyte og nyte. Og vere mykje ute når det byrjar å bli enda meir vår.

I dag, etter gymmen, åt vi raspeballar på den lokale kaféen. Det kunne nok vore betre, men så er eg ikkje den heilt store raspeballentusiasten heller.


Torsdagane er yndlingsdagen her i Masfjorden. Då er det halv dag på institutt, og så har vi gym med 5-7 klasse på den lokale skulen. Dei diggar oss, vi diggar dei, og alt er i grunn berre fryd og gammen. Blir full av energi og glede, og det kjem godt med til siste innspurt før helga. Så folkens, eg likar å jobbe med born! No er det sagt!

Så eg er i live, eg har det bra, og eg får lært eit eller anna nytt kvar dag. Det er spanande å leve!

torsdag 13. januar 2011

Frå alvor til spøk:


Har du sett noko så nydeleg? Svenskar altå.. Å ta knebøy med trekkspel kan dei òg, noko som er perfekt for heimetrening. For har du ikkje vekter heime som kan gje ekstra belastning til knebøyøvelsen? Ja, men då er det berre å finne fram trekkspelet! Så genialt, så genialt.

Det er berre å bøye seg i støvet for svenskane med grilldressane, dei rutete sokkane, fiolinspeling med føtene, tøyinga av hofteleddsbøyarane. Lykke til med jakta på kaloriane!

onsdag 12. januar 2011


Eg kjem snart.
Hald fast på det du har,
så ingen skal ta frå deg sigerskransen!

- Gud (Johannes openberring 3,11)

Har du gjort opp din sak med Gud?

tirsdag 11. januar 2011

Room with a view

Solveig spurde etter bilete frå den flotte bygda eg er stasjonert i. Eg tok utforinga, og kan stille med bilete tatt frå verandaen min.


Som de ser, her er det... Grått.
Og lysare enn dette blir det ikkje.
Sa nokon vinterdepresjon?

mandag 10. januar 2011

Sjokoladefritt år, dag 10

Det er i grunn ikkje så myke å sei om det å ha sjokoladefritt år. Det har vist seg at det skulle gå lett om ein leik. Eg har ikkje hatt ein einaste situasjon der eg berre MÅ ha sjokolade. Det er klart at det har frista, men alt i alt har det gått over all forventning. Så då er det berre 355 dagar igjen til eg har moglegheiten til å smake det igjen. Skal gå bra, det.

I går kom eg attende til Masfjorden etter ein ny rallytur, denne gongen med pappa bak rattet. Helga (ikkje søstra mi, men fredag-laurdag-søndag) suste avgårde i Myrkdalen saman med 71 flotte folk frå Salem. Ei helg med møter, speling, nye fjes, sosialisering, ski, kakao og god mat gjorde susen. No er eg klar for ei ny veke her inne, men det er ikkje til å stikke under ein stol at eg gler meg veldig til å sjå jentene i StTor igjen til helga. Men! Eg skal gjere så godt eg kan for å leve her og no og gle meg over dagar utan dei store planane der eg berre kan nyte livet og slappe godt av. Og så treng eg berre lage middag annakvar dag. Det er ein kjempebonus.

Elles så er eg lykkeleg kvar dag når eg vaknar og huset enno står. Men for all del, koseleg å sovne til regn og vind mot ruta. Faktisk. Nesten like godt som å vakne med treningsverk, men det er hakket betre. Då kjenner eg at eg lever.

PS! Eg har bursdag 3. februar, ikkje la det gå i gløymeboka!

tirsdag 4. januar 2011

Dag 1 i Masfjorden

06.05: Astrid står opp, dusjar, et frukost og vinkar ha det til mamma

07.15: Ferga går frå Masfjordnes til Hosteland

07.30: Første pasient på plass. Eg oppdagar at ein hund er med kvar dag på instituttet

08.00: Hunden bæsjar på golvet

10.00: Astrid får tildelt sin første pasient

12.00: Lunch (og ja, eg klarte å halde meg heilt til då)

13.00: Journalskriving for alle penga

14.30: Tur til butikken

14.55: Ferga går tilbake

15.15: Ny tur til butikken. Astrid kjøper postkort.

16.00: Middag: Laks, poteter, gulrot, kesam osv

17.00: Drøs og pepsi max med Christian

17.30: Fjernsynssjåing

19.00: Handballkamp og Allers

19.30: Kveldsmat

20.00: Astrid og Christan speler ticket to ride. Christian vann.

20.15: Vi finn ut, etter å ha studert gardinene og snakka om desse ei stund, at det ikkje er noko meir å finne på faktisk

20.30: Astrid dusjar for andre gang i dag, berre fordi det er godt med varmekablar på badegolvet

21.30: Astrid skal eigentleg vaske opp, men lagar heller blogginlegg

Og når oppvasken er tatt, og bibelen er lest litt i, så er det klart for ei ny natt og ein ny dag. Eg har trua på dette her!

mandag 3. januar 2011

Presentasjon av årets nyttårsforsett

I år har eg verkeleg slått på stortromma når det gjeld nyttårsforsett. Eg trur kanskje eg har tatt meg vatn over hovudet, men alt i alt så merkar eg berre at eg er veldig motivert for å gjennomføre eit sjokoladefritt år (!!!).

Eg kunne ha skrive meir om dette, men det gidd eg ikkje, for eg har reist alt for langt på alt for kort tid, og i natt vakna eg av ein katt som sat oppå magen min og mala, og den ville ikkje flytte seg. No skal eg pakke og flytte til Masfjorden. TJohei!