mandag 10. januar 2011

Sjokoladefritt år, dag 10

Det er i grunn ikkje så myke å sei om det å ha sjokoladefritt år. Det har vist seg at det skulle gå lett om ein leik. Eg har ikkje hatt ein einaste situasjon der eg berre MÅ ha sjokolade. Det er klart at det har frista, men alt i alt har det gått over all forventning. Så då er det berre 355 dagar igjen til eg har moglegheiten til å smake det igjen. Skal gå bra, det.

I går kom eg attende til Masfjorden etter ein ny rallytur, denne gongen med pappa bak rattet. Helga (ikkje søstra mi, men fredag-laurdag-søndag) suste avgårde i Myrkdalen saman med 71 flotte folk frå Salem. Ei helg med møter, speling, nye fjes, sosialisering, ski, kakao og god mat gjorde susen. No er eg klar for ei ny veke her inne, men det er ikkje til å stikke under ein stol at eg gler meg veldig til å sjå jentene i StTor igjen til helga. Men! Eg skal gjere så godt eg kan for å leve her og no og gle meg over dagar utan dei store planane der eg berre kan nyte livet og slappe godt av. Og så treng eg berre lage middag annakvar dag. Det er ein kjempebonus.

Elles så er eg lykkeleg kvar dag når eg vaknar og huset enno står. Men for all del, koseleg å sovne til regn og vind mot ruta. Faktisk. Nesten like godt som å vakne med treningsverk, men det er hakket betre. Då kjenner eg at eg lever.

PS! Eg har bursdag 3. februar, ikkje la det gå i gløymeboka!

1 kommentar:

Anonym sa...

Ha, ha, eg syns eg ser meg suse rundt i Myrkdalen! Trengte ein god latter no :-)