mandag 27. september 2010

Første sjukedag i Bergen

Då har eg kome over enno eit hinder her i Bergen. Eg har vore sjuk i dag. Kanskje er eg sjuk i morgon òg, men i alle fall i dag.

Det heile byrja med at eg trudde eg hadde blitt matforgifta, for eg var så utruleg kvalm og følte meg uggen. Sjølvsagt måtte eg finne syndebukken, og ringte Egon, for der var eg nemleg og åt på sundag. Utover dagen fekk eg feber og greier, så det er nok meir influensa eller noko sånt, men eg fekk meg i alle fall ein gratis lunch på Egon. Nei, det sto ikkje på kompensasjon der! God kundebehandling, det kan vi like. Og gratis mat, det er jo positivt.

Men å vere sjuk treng ikkje vere så gale, spesielt ikkje når ein bur med tre herlege jenter som stiller opp og lagar mat (takk, Ragnhild!), kjøpar pepsi max og brer over tepper når feberen står på som verst. Og når dei i tillegg held deg med selskap, så går det som ein leik.

Vi får sjå om eg klarar å gå på skulen i morgon, men eg vonar i grunn at eg klarar det, for det er mykje spanande som skjer der for tida.

Av andre ting som skjer i Bergen, så har eg byrja å syngje i Gospel Bergen. Måtte på opptaksprøve, og det var veldig skummelt, men eg kom med, og det er gøy, gøy, gøy!

Eg må fortelje ein litt artig oppleving eg hadde på personalmøte i Safari. For dei som ikkje har fått det med seg, så jobbar eg litt i ferskvaredisken på Safari. Vi hadde altså personalmøte, og eg må sei at samvittigheten hadde eit godt grep om meg, for eg er nemleg av dei som likar godt å ete maten vi eigenteg skal kaste. Eg tenkjer at det er jo i grunn vel og bra, for då blir det mindre boss. Og i og for seg, så er det lov. Men eg har likevel kjent på at eg har gjort noko gale. Og hjartet byrja å banke ekstra hardt då eg såg at sak nummer to hadde namnet "bespisning". Fortvila byrja eg å sanne mine synder for den personen som tilfeldigvis sat ved sidan av meg. Eg la ut om at eg hadde ikkje ete SÅ mykje, og at det var jo lov. Så der sat eg, tørr i munnen og forsto at no var tida inne for sak nummer to. Hjartet dunka hardt, og sjefen opna saka med følgjande setning: "Ja, då er det tid for litt mat!" Så bespisning var altså.. at vi skulle ete. Og med dette vart utfordringa å berre late som om alt var normalt, puste ut, smile fint, og forsyne seg.

Så sånn er livet for Astrid. Det går litt opp, går litt ned, men uansett har eg all grunn til å takke Gud for alle store ting han gjer i livet mitt.

Ingen kommentarer: