Men av alt det vakre vart det denne som vart med meg heim:
Ei heilt lett regnjakke, type veldig rosa, perfekt for dagar når det regnar men det samstundes er såpass varmt at ein ikkje orkar å gå med ei tjukk jakke. Godt nøgd.
Og forresten, så plukka eg med den siste av desse i butikken:

Og gjett kva som var inni? Eit sitjeunderlag! Genialt, genialt, genialt!
Så no ventar eg berre på ein dag med litt regn, ikkje for mykje, med litt vind, ikkje for mykje, ein stein som er såpass kald at eg må ha sitjeunderlag, og ein termos med kakao. Bli med!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar